Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Todalen IL med SUPERLOTTERI

Bjørn Gunnar Ansnes Torsdag 16. juni 2022

Todalsdagen, som blir arrangert laurdag 2. juli på Bordholmen stadion, nærmar seg. I tradisjon tru, har Todalen IL også i år SUPERLOTTERI i samband med Todalsdagen. Førehandssalet av lodd tek til i morgon på Matkroken Todalen frå klokka 10:00

Også i år er det mange fine gevinstar å vinne for dei heldige. Gevinstane i år er:

  • Gåvekort frå Hageland Surnadal på 5.000,- kroner
  • Smartklokke
  • COOP-gåvekort på 1.000 kroner frå Matkroken Todalen
  • Helly Hansen Reisebag (70 liter) frå Pipelife
  • Flammelampe frå Power Surnadal. 

Det vil vere førehandssal av lodd på Matkroken Todalen i morgon (fredag 17. juni), laurdag 25. juni og fredag 1.juli og sjølvsagt på sjølve Todalsdagen den 2. juli. Det er også mogleg å kjøpe lodd via Vipps 527926, hugs å skrive namnet på den lodda skal skrivast på når du Vippsar! Kvart lodd kostar kroner 20,- 

Les meir: SUPERLOTTERIET 2022 


Først publisert: 16. juni 2022, 21:12 - Sist oppdatert: 17. juni 2022, 06:07