Bra med folk på «pop-up» bruktmarked
I dag hadde Todalen Idrettslag invitert til «pop-up» bruktmarked i Todalen ungdomshus. Det var fjorten som hadde bestilt bord for å selje forskjellege ting.
Vi fann 1796 artiklar i dette arkivet.
I dag hadde Todalen Idrettslag invitert til «pop-up» bruktmarked i Todalen ungdomshus. Det var fjorten som hadde bestilt bord for å selje forskjellege ting.
Det har i nokre dagar no vore sjøis, så i går kveld inviterte Barne- og ungdomsgruppa i Todalen Idrettslag til ishockey på sjøisen. Og responsen var bra, både frå dei unge og dei vaksne. Barne- og ungdomsgruppa hadde lyst opp banen med faklar, teke med ishockeymål, køller og puckar, så det vart ein fin kveld med aktivitet, lys og stemning.
Som tidlegare annonsert, så inviterer Todalen Idrettslag til «Pop-up» bruktmarked i Todalen ungdomshus laurdag 17. februar klokka 12:00 – 15:00. Her kan du leige bord til 100,- kroner og selge ting du ikkje lenger har bruk for, som til dømes: sko, ski og anna sportsutstyr, pene klær, bestikk, dekketøy, bøker, vesker, sekkar, bagar, reiskap og mykje meir.
Todalen Idrettslag er i ferd med å sende ut fakturaer for medlemskontingenten for 2024. Medlemskontingenten for 2024 er på 200,- kroner. og dei fleste får fakturaen via e-post, og mange vil finne den i nettbanken sin, og da atår det Buypass Payment AS som mottakar. Dersom det er noko du lurer på med medlemskontingenten, eller du har spørsmål, kan du ta kontakt med Endre Talgø på telefon 936 89 326.
Barne- og ungdomsgruppa i Todalen Idrettslag inviterer onsdag 14. februar klokka 17:30 til ishockey og leik på skeiser på sjøisen. Oppmøte ved småbåthamna litt før 17:30. – Isen er trygg, men ungane bør ikkje gå utpå heilt åleine, så fint hvis vi blir fleire vaksne, oppfordrar Anders Gjeldnes, leiar i Barne- og ungdomsgruppa.
For snart to veker sia, starta «kaffekrokens venner» med trening på Hett & Svett på onsdagar frå klokka 10:00 – 11:00. Nokre av dei som er med på desse treningane, har donert treningsutstyr dei ikkje lenger brukar heime, og i dag var Gunnar Nordvik ferdig med å montere desse på Hett & Svett. Samtidig har «kaffekrokens venner» bestemt seg for å doble treningsmengda!
Barne- og ungdomsgruppa i Todalen Idrettslag melder at det no er fin skeiseis og gode forhold igjen på Bordholmen. – Skeiseisen er nypreparert og forholda er veldig fine, kan Finn Ranes i Barne- og ungdomsgruppa fortelje.
Todalen Idrettslag har preparert løyper med skispor i Toåa tursti, rundt om på Kvennset og oppover Smålandsgrenda. Rapportane seier at det er kjempefine forhold for å gå på ski, så da er det inga unnskyldning for å ikke ta seg ein skitur!
Barne- og ungdomsgruppa i Todalen Idrettslag inviterer til «barn i løypa» i lysløypa på Tjønnmyra 9nsdag 7. fabruar klokka 18:00 – 19:00. Det blir servert saft etterpå, og det blir fyrt i paisen i gapahuken. Barne- og ungdomsgruppa lover nypreparerte løyper og fine forhold for å gå på ski.
Todalen Idrettslag, kopierer gjengen i Korsen, og inviterer til «Pop-up» bruktmarked i Todalen ungdomshus laurdag 17. februar klokka 12:00 – 15:00. Her kan du leige bord til 100,- kroner og selge ting du ikkje lenger har bruk for, som til dømes: sko, ski og anna sportsutstyr, pene klær, bestikk, dekketøy, bøker, vesker, sekkar, bagar, reiskap og mykje meir. Det einaste du betaler er altså 100,- kroner for å leige bord, resten er ditt! Det er også lov å selge ting du har laga sjølv. Dette er eit godt bidrag til reell berekraft!
I går kveld hadde Barne- og ungdomsgruppa i Todalen Idrettslag invitert til balleik i gymsalen ved Todalen skule. Og responsen på invitasjonen var god, og eit tosifra ungar i grunnskulealder møtte opp for å vere med på ein time med balleik. Ola Dalsegg og Anders Gjeldnes leia balleiken. Først var det Tarzansisten som oppvarmingsøving. Etter […]
«Kaffekrokens venner», som har fast dagleg oppmøte i kaffekroken på Matkroken Todalen, har bestemt seg for å starte opp med trim på Hett & Svett kvar onsdag, frå klokka 10:00 – 11:00. Første trim blir onsdag 31. januar.