Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Sparebankstiftelsen Surnadal Sparebank med pengegåve til oppgradering på Hett & Svett

Bjørn Gunnar Ansnes Tysdag 9. april 2024

I ein e-post frå Sparebankstiftelsen Surnadal Sparebank i går, vart Todalen Idrettslag informert om at stiftelsen gjev ei gåve til idrettslaget på 20.000 kroner for å kjøpe inn nytt utstyr til oppgraderinga som er under planlegging på Hett & Svett. 

Dette var ei svært gledelig nyhet å få, seier ein særs nøgd leiar i Todalen Idrettslag, Elinor Bolme. 

Vi er no inne i ein planleggingsprosess med innkjøp av nytt utstyr til Hett & Svett, ein prosess vi håpar er ferdig tidleg på sommaren, så denne gåva kjem verkeleg godt med, seier ho. 

Elinor nyttar høvet til å seie tusen takk til Sparebankstiftelsen Surnadal Sparebank for gåva til idrettslaget!   

Publisert: 9. april 2024, 07:38