Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Turid Sæther Todalshaug vart vinnar av «Kjerringdilten» 2024

Bjørn Gunnar Ansnes Fredag 29. mars 2024

I dag inviterte driftsstyret for Todalen Idrettslag si skihytte til den tradisjonelle «Kjerringdilten» på skihytta. og det kom bra med folk opp til skihytta. 45 av dei frammøtte starta årets utgåve av «Kjerringdilten». Da resultatlista var klar, viste den at Turid Sæther Todalshaug sikra seg eitt napp i vandrepokalen og ein eigen pokal til odel og eige. Det var ikkje så mykje sol å skryte av, men det var fin temperatur og opphaldsvêr, så det var fine forhold for ein skitur. 

Fint på verandaen framfor skihytta. Foto: Sondre Halset

«Kjerringdilten» er eit skirenn med «idealtid», det vil seie at det er den som kjem nærast den tida som er sett som vinn skirennet. Turid vart altså vinnaren av «Kjerringdilten» 2024, og på dei neste plassane kom Mari Eikrem, Marit Ingeborg Ansnes, Jorunn Nordvik, Ellbjørg H. Larsen og Nils Ove Bruset. 

Rennleiar Handelsmann Nordvik markerer målstreken for årets «Kjerringdilt». Foto: Sondre Halset

Til årets utgåve av «Kjerringdilten var det kjøpt inn nye startnummer, der Veidekke AS har sponsa det meste av innkjøpskostnadane og trykkinga av startnumra. 

Fine forhold for årets «Kjerringdilt». Foto: Sondre Halset

Knut Halset og resten av kjøkkengjengen serverte kaffe, bakels med graut, bakels med syltetøy, pålser i brød/lompe og saft, noko som vart godt motteke av dei som hadde teke turen på skihytta denne langfredagen.  

Publisert: 29. mars 2024, 23:02