Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Klart for ny sommarsesong med Stikk UT!

Dordi Jorunn Halle Laurdag 27. april 2024

Første mai er det klart for Stikk UT! sommar. I Surnadal er det 13 turmål i år, både Toåa tursti og Svinvikrunden er framleis med i turopplegget.

Stikk UT!-kontakt Norunn Holten melder:

Oppstarten av Stikk UT!-sesongen i Surnadal blir markert ved kvilebua på Kavlvegen kultursti onsdag 1. mai kl. 12–15. Kavlvegen er eit av dei nye turmåla i år.

Her vil det bli servering av bakels, kaffe, saft og frukt. Dei som registrerer seg ved kvilebua desse tre timane, blir også med på trekking av Stikk UT!-premiar.

Turmål i Surnadal

Turmåla som opnar 1. mai:

«Svartvassparken» (ny, Nedre Surnadal), Hyllrabben (ny, Åsskard), Strandasetra (Nedre Surnadal), Kleiva, Svinvikrunden, Toåa tursti og Mulneset (Kvanne).

Desse postane har utsett opning:

Langøya (ny, Vinddøldalen), Hjelmen, Skarven (Bøverdalen), Klåberget (Kvanne) og Sjøasetervatnet (Nedre Surnadal). Opning vil bli annonsert her etter kvart som postane blir opna.

Kvilebua ved Lomtjønna. Foto: Norunn Holten.

Publisert: 27. april 2024, 00:58