Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Todalen Idrettslag Arkiv

Vi fann 1763 artiklar i dette arkivet.


Rekord for romjulsmarsjen!

Jon Olav Ørsal Fredag 27. desember 2013

Det var nok det fine føret og varmegrader i lufta som gjorde att det vart rekorddeltaking på Romjulsmarsjen 2013. Det er nok første gong at over 160 deltakarar har delteke på romjulsmarsj, og TILs trimgruppe kom faktisk i knipe med sine 150 medaljer som dei var sikre på var nok. På vegen rundt bygda var det både Quiz-konkurranse, lotteri, tipping og ikkje minst servering av varm gløgg med tilbehør.


3. juledag – da er det mykje som skjer!

Jon Olav Ørsal Fredag 27. desember 2013

Fredag 27. desember er det mykje som skjer i Todalen I.L.’s regi. Først ut er Romjulsmarsjen, som har start i tidsrommet mellom kl 12.00 og 15.00. Det er no bart på vegane og dermed fint å ta runden rundt bygda til fots. Trimgruppa byr på gløgg, deltakarmedalje, Quiz og lotteri. Kanskje det blir deltakarrekord? Vidare utover dagen er det to forestillingar med revyen «på kanten av…».


«På kanten av…» i innspurten – har du billett?

Jon Olav Ørsal Fredag 20. desember 2013

For todalingane blir det ikkje jul utan 3-dagsfest og julerevy. Todalen idrettslag er i rute med julerevyen og vi gler oss på romjulsfesta, seier festsjef Borghild Talgø. Mange trur nok at det blir raset som blir hovudtema for revyen i år, men der tek dei grundig feil, seier Håvard Halset som er talsmann for revygjengen. […]


«På kanten av…» på Matkroken

Jon Olav Ørsal Sundag 15. desember 2013

Kjøp revybillett reklamerer handelsmann Nordvik når vi er innom Matkroken. Frå i dag er revybillettane i salg på Matkroken L.Hals, og dei kan by på to forestillingar 3. juledag – ein førpremiere kl 15.00 og hovudforestillinga kl 20.00 om kvelden. 3.-dagsfest og julerevy har lange tradisjonar i Todalen. Det er no fotballgruppa i Todalen idrettslag […]


«På kanten av» …. – årets julerevy

Jon Olav Ørsal Onsdag 11. desember 2013

Arbeidsgruppa som jobbar med julerevyen til 3.-dagsfesta er godt i rute. Laurdag startar billettsalget på Matkroken L.Hals til dei to revyforestillingane. Det blir nemlet ei forestilling på dagtid (kl 15.00) og hovedforestillinga som startar kl 20.00.


Den Gyldne Patron til NRK-journalist Eirik Haukenes

Jon Olav Ørsal Laurdag 7. desember 2013

Det var knytta stor spenning til utdelinga av heidersprisen «Den Gyldne Patron» på Hjortfesta laurdag kveld. Festsjef Ragnar Halle utløyste spenninga da han opna konvolutten og kalla Eirik Haukenes opp på scena i Todalen Ungdomshus. Eirik Haukenes jobbar som videojournalist hos NRKs distrikstskontor i Kristiansund, og var stasjonert i Todalen nokre dagar etter at raset isolerte bygda onsdag 31. juli i år.


Viltmeny på Hjortfesta

Jon Olav Ørsal Fredag 6. desember 2013

I kveld 20.00 startar Hjortfesta 2013, og da inviterer festsjef Ragnar Halle til en meny med stor bredde i forskjellige viltrettar. Han kan by på rettar av hjort, elg, rådyr i forskjellige variantar og fiskrettar av både aure og røye. Todalen.no tok ein tur innom fredag kveld, og da var det full sjau med førebuingar i Ungdomshuset.


Laurdag er det hjortfest – billettane går unna

Jon Olav Ørsal Sundag 1. desember 2013

Festsjef Ragnar Halle minner om at billettsalget til Hjortfesta 2013 forlengst er i full gang. Hjortfesta er i Todalen ungdomshus laurdag 7. desember, og startar presis kl 20.00. Idrettslaget er arrangør, men Talgø & Kårvatn jaktlag er vertskap for festa. Billettane til festa er lagt ut til salg på Matkroken L.Hals, og kjøpes altså der, fortel Ragnar.


4-2 – Det vart Moldes dag!

Jon Olav Ørsal Sundag 24. november 2013

I Todalen ungdomshus har det vore Cupfinale med stor stemning. Kampen blir vist på storskjerm, og eit trettitalss supportarar fulgte overføringa frå Ullevål stadion.


Krus og utmerkelsar i fleng

Elinor Bolme Måndag 18. november 2013

Søndag ettermiddag arrangerte trimgruppa og ski- og friidrettsgruppa felles basar i Ungdomshuset. Her var det full fres og basarstemning av god gammel dimensjon. Det var mange fine premiar som skulle utloddast, og i tillegg var det tradisjonelt pilkast der både gammel og ung knivast om høge plasseringar.


Kjem du på cupfinale?

Jon Olav Ørsal Måndag 18. november 2013

Søndag 24. november er det cupfinale og toppoppgjør mellom Molde FK og Rosenborg BK. Fotballgruppa i Todalen I.L. har rigga til storskjerm i Todalen ungdomshus for å vise cupfinalen på direkten. Det blir opne dører frå kl 12 og utover til sendinga er ferdig. Det blir sjølvsagt open kios med salg av kaffe, pølser, brus og snacks. Stor tippekonkurranse med premiering. Gratis inngang!


I dag: Basar i Ungdomshuset

Elinor Bolme Sundag 17. november 2013

Søndag er det ski og friidrettsgruppa i lag med trimgruppa sin tur til å arrangere basar i Todalen ungdomshus. Trimgrupa deler ut premier i forbindelse med de ulike trimbøkene, mens Ski- og friidrettsgruppa deler ut deltakerpremier fra sesongens lagseriestemne, samt ski- og idrettsmerker. Ellers blir det tradisjonelt basarbord, pilkast, lykkehjul og kanskje luftgeværskyting for den […]