Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

I disse fotballtider..

Elinor Bolme Sundag 15. juni 2014

I helga har G12 Søya/Todalen vært på sin årlege overnattingstur med fotballcup og sosialt samvær i Molde. Turen starta laurdag føremiddag med tur til Ekkobanen på Jendem for å spele tre kampar i årets Romsdalscup. Motstandarane var Bud, Molde og Eide og omegn. Resultata var ikkje heilt optimale, med tap i alle tre kampane desverre. Etter pokalutdeling bar turen vidare til Skarstua, der Søya/Todalen dei siste åra har hatt tilhald etter Romsdalscupen.

På Skaret vart gjengen innlosjert i hytter, stabbur og motellrom før dei gikk til bords for å få servert tacobuffet til middag. Reisefølget denne gangen var betrakteleg mindre enn tidlegare år, da J12 var forhindra i å bli med grunna Ålvundfjordagane.  Men til saman 25 personar med smått og stor tok seg tid til å bli med på opplegget. Etter maten slappa dei slappa dei store av med litt fotball innandørs, medan dei små spela fotball utandørs.

I dag bars det rett på Moldebadet etter frokost, med to timar til rådigheit i badeanlegget der. Her er det tradisjonell konkurranse blandt dei fleste som badar i følgjet, om å få bestetid i skliene. Etter rapportane vart bestetid også i år sikra til Kvanne, med langt over konfirmasjonsalder på vinnar. Her har vi desverre ingen bildebevis. Dagen og opphaldet vart deretter avslutta på Egon Molde med pizzabuffet til heile reisefølgjet.

Laget tek ikkje sommarferie riktig enda. I morgon spelar dei siste seriekamp før sommaren mot Aure/Ertvågøya på Banksletta kl 18.

Under er nokre bilder fra Ekkobanen og Skarstua. Alle foto ElinorB

Publisert: 15. juni 2014, 18:55