Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Todalen Idrettslag Arkiv

Vi fann 1691 artiklar i dette arkivet.


Halsa Cup, dag 1.

Halsa Cup, dag 1.

Elinor Bolme Laurdag 25. mai 2013

Også i år er det lokal deltakelse på Halsa Cup. Vi har fått tilsendt ein heil del bilder frå både G10 Søya/Todalen og J10 Søya/Todalen. Etter tilbakemeldingane frå J10, så gjekk ikkje resultata vegen for jentene, men stemninga var på topp for det. G10 Søya/Todalen stilte med to lag, der det tilsaman vart 2 seirer, eitt uavgjort og tre tap.

Les heile saka

Sesongstart for lagseriegjengen

Sesongstart for lagseriegjengen

Elinor Bolme Fredag 24. mai 2013

Torsdag kveld var det sesongstart for lagseriegjengen. Det var godt med oppmøte av ungar i bortimot alle alderssgrupper. Nokon var der for første gongen og hadde litt uro i køen, medan andre var meir drevne ogkunne fortelja korleis dei minste skulle gjera det.

Les heile saka

Seier og tabelltopp for A-laget

Seier og tabelltopp for A-laget

Jon Olav Ørsal Torsdag 23. mai 2013

Torsdag kveld var Averøykameratenes 2.-lag på Søyabanen for å spille mot serielederne i 6.divisjon avdeling 1, Søya/Todalen/K/U. Hjemmelaget viste tidlig at de er et bedre lag, men klarte bare å score ett mål i første omgang. De hadde ballen klart mest og dominerte midtbanen. AK 2 kom på noen få farlige kontringer og viste at de med litt flaks i andre omgang godt kunne klart å få med seg poeng hjem til Averøy.

Les heile saka

Lagseriestevne

Lagseriestevne

Elinor Bolme Onsdag 22. mai 2013

Torsdag ettermiddag arrangerer Ski- og friidrettsgruppa lagseriestemne igjen. Her blir det muligheter for ungane å prøve seg på lengdehopp, liten ball og 60 meter, blandt anna. No på vårparten vil det bli sett opp 4 kveldar til fysisk utfoldelse og sosialt samvær. Etterpå blir det servert frisk frukt til dei frammøtte.


Ukens kamper

Ukens kamper

Elinor Bolme Tysdag 21. mai 2013

Denne uka er det litt meir aktivitet på kampfronten hos dei aktive fotballspelarane rundt om. I tillegg er det no til helga klart for Halsa Cup, der dei minste har kampar på laurdag, mens dei eldre tek i bruk søndagen. Kampoppsettet for helga ligg her: Halsa Cup

Les heile saka

Gigantisk frukostparty

Gigantisk frukostparty

Jon Olav Ørsal Fredag 17. mai 2013

Fotballgruppa inviterte todalingane til felles frukost på Bordholmen på grunnlovsdagen. Og todalingane dei kom – over 160 store og små vart servert frukost før kalaset var over. Og det var skikkeleg frukost, med koka egg og massevis av godt pålegg. Nok mat vart det også, og jammen trur eg at folket kosa seg og sette pris på både uteservering og det fine vêret. For det er ikkje ofta at du kan sitte lenge ute på Bordholmen, før det er behov for å få på seg ein vindtett utapåjakke!

Les heile saka

Inviterer til frokost på 17. mai

Inviterer til frokost på 17. mai

Jon Olav Ørsal Torsdag 16. mai 2013

Onsdag kveld var det førebuing til årets 17.-frokost på Bordholmen. Det er fotballgruppa i Todalen I.L. som inviterer heile bygda til friluftsfrokost 17. mai etter at biltoget er ferdig. Starten på biltoget er kl 09.30, med oppmøte ved Matkroken L. Hals. Biltoget går oppover til Gammelfabrikken i Brusetmarka og nedover igjen til Bordholmen og frokost der. I fjor var det 148 som deltok på frokostarrangementet, men i år kjem det sikkert fleire i det fine sommarvêret som er meldt. For yr.no melder nemleg 20 varmegrader kl 11.

Les heile saka

Ukens kamper

Ukens kamper

Elinor Bolme Måndag 13. mai 2013

Denne veka er det lite kampar i følge banekalenderen. Kun G14 Kvas/Ulvungen/Søya /Todalen spelar heimekamp. Dei har kamp mot AK på torsdag kl 19, og den spelast på Ålvundfjord Stadion.

Les heile saka

17.mai: Programmet er klart!

17.mai: Programmet er klart!

Jon Olav Ørsal Fredag 10. mai 2013

Programmet for feiring av nasjonaldagen i Todalen er no klart. Det startar sjølvsagt med det tradisjonelle biltoget som går oppover bygda til Gammelfabrikken og nedatt til Bordholmen for felles frokost. Etter ein liten pause fortsett feiringa med folketog fra skulen til kyrkja, der det er familiegudsteneste og kranspålegging ved bautaen. Så er det folketog der korpset deltek oppover til skulen.

Les heile saka

A-laget: Vant 1-3 mot Nordlandet

A-laget: Vant 1-3 mot Nordlandet

Knut Bergli Fredag 10. mai 2013

A-laget til Søya/Todalen/Kvass/Ulvungen kunne torsdag innkassere nok en seier. Denne gang var det sterke Nordlandet som kom til kort mot våre gutter. To scoringer av Ola Heggset og et av Jan Erik Smiseth og et uheldig baklengs ga laget en meget sterk borteseier. Gode treninger i vinter og en bred og sterk tropp gir resultater, sier en fornøyd trener.

Les heile saka

Ræta Opp – har du starta oppkøyringa?

Ræta Opp – har du starta oppkøyringa?

Jon Olav Ørsal Torsdag 9. mai 2013

Laurdag 29. juni kl 12 går startskotet for årets store mosjonsløp – Ræta Opp. Ræta Opp blir arrangert som ein del av programmet under Todalsdagen, og vart første gong arrangert i fjor. Da stilte det over hundre deltakarar på startstreken. I år blir det nok mykje meir, trur primus motor for Ræta Opp og Todalsdagen Knut Bergli. Todalsdagen blir nok mest prega av barnefotballen denne dagen, der rundt 40 lag med miniputtar, lilleputtar og lillegutter/-jenter vil kjempe om ballen gjennom heile dagen.

Les heile saka

Ukens kamper

Ukens kamper

Elinor Bolme Måndag 6. mai 2013

Fotballsesongen er i gang for fullt, i dei aller fleste aldersklassane. Vi prøver også i år å komme med en oversikt over de ulike kampene først i uka, basert på ein forhåpentlegvis oppdatert banekalender. Vi tek kun med heimekampane på dei 3 ulike banane som Todalen IL og IL Søya er involverte i. Bordholmen Stadion, […]

Les heile saka