Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene
Sesongstart for lagseriegjengen

Sesongstart for lagseriegjengen

Elinor Bolme Fredag 24. mai 2013

Torsdag kveld var det sesongstart for lagseriegjengen. Det var godt med oppmøte av ungar i bortimot alle alderssgrupper. Nokon var der for første gongen og hadde litt uro i køen, medan andre var meir drevne ogkunne fortelja korleis dei minste skulle gjera det.

Arrangørane serverte etter iherdig hopping, kasting og springing fersk oppskåre frukt til deltakarane. Noko dei såg til å setta pris på.

Tidlegare år har det vore høve til å ta idrettsmerke for dei eldre desse oppsette kveldane, noko det antakeleg er ei rå for i år også, om ein møter opp dei oppsette torsdagane framover.

Under er nokre bilder frå dei frammøtte som gav alt! Foto: ElinorB

Først publisert: 24. mai 2013, 04:00 - Sist oppdatert: 23. mai 2013, 20:29