Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Vil du kjøpe lodd?

Jon Olav Ørsal Laurdag 14. juni 2014

Bror og Sindre hadde laurdag formiddag plassert seg midt i kundestraumen utafor Matkroken L. Hals.  Dei er i gang med salg av lodd i SuperLotteriet, der trekninga skjer under Todalsdagen 28. juni. Dei var tydeleg på at lodda kosta 20 kroner, og at du kunne få 5 lodd for ein hundrelapp.

Det var ingen tvil om kven oppdragjevaren var, for dei hadde trekt i full fotballuniform, med kvite og svarte striper på trøya. Det er nemleg TILs fotballgruppe som står som arrangør av Todalsdagen 2014, og dermed også SuperLotteriet som har mange flotte gevinstar. 1. gevinsten er eit Talgø Outliving hagemøbelsett, med sofa, to stolar og bord. 2.- og 3.-gevinsten er iPad’ar og 4. gevinsten er ei ekte Brasil VM-fotballdrakt.  Og inntekta går sjølvsagt til drift av TIL’s fotballgruppe.

Publisert: 14. juni 2014, 13:12