Snøkanon: Endeleg vart det snøproduksjon
Dei minste har nok venta på snøen no, men vêrgudane har halde igjen, – og tykkjer nok det er litt tidleg enno. Da gjeld det å ta saka i egne hengder og lage snø, slik som «snømakarane» Knut Bergli og Finn Ranes har gjort. Laurdag vart det endeleg kuldegrader nok til å prøvekjøre den nye snøkanonen, – og produsere den første snøen. Snøkanonen er eit samarbeidsprosjekt mellom FAU, Todalen Idrettslag og Todalen oppvekstsenter.