Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Tjønnmyran – nyfresa i lysløypa

Jon Olav Ørsal Laurdag 24. januar 2015

Etter siste mildvêret vart det skart og hardt føre i den nye lysløypa på Tjønnmyran. Laurdag ettermiddag vart heile løypa fresa skikkeleg opp, og det var køyrt på nytt spor.  Ypperleg forhold for den som vil ta seg ein ettermiddags- eller kveldstur i løypa, fortel Ståle Ansnes som var der med traktor og løypemaskina.

SveinT_IngriB_3091

Fint å kome seg ut og få litt trim, seier Svein Talgø og Ingri Bruset som tok ein pause medan løypa var fresa opp. Foto Jon Olav Ørsal

Søndag frå kl 14.00 er det nytt skistreff i den nye lysløypa, og etter vêrmeldinga på yr.no blir det ein ny fin skidag på Tjønnmyran, med eit par kuldegrader og ein liten vindtrekk frå aust. Finn fram skiene og bli med, oppfordrar Todalen Idrettslag.

Fresing_StåleA_3085

Ståle Ansnes med løypemaskina som freser opp gammelsnøen og lagar skispor i lysløypa på Tjønnmyran. Foto: Jon Olav Ørsal

Publisert: 24. januar 2015, 16:51