Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

I dag: Fint føre for romjulsmarsjen

Jon Olav Ørsal Laurdag 27. desember 2014

Det ligg godt tilrette for stor deltaking på årets romjulsmarsj, som startar i dag fra kl 12.00 og frm til kl 15. Trimgruppa har rusta seg med mykje varm gløgg, slik at deltakarane skal få noko å varme seg på runden rundt bygda.

Det er nyskråpa veg rundt bygda, og godt sparkføre for den som vil ta med spark på runden. Temperaturen ligg på rundt 6-7 minusgrader så det lønner seg å kle seg godt og ta på varmt fottøy. TILs trimgruppe byr på lotteri og flotte deltakarmedaljer i tillegg til varm gløgg.

Ta deg fri og bli med – det gjer så godt!

Publisert: 27. desember 2014, 12:28