Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Romjulsdrønn trekte fullt hus

Jon Olav Ørsal Sundag 28. desember 2014

Julerevyen «Juledrønn»  trekte rundt 150 tilhøyrarar på hovudførestillinga Ungdomshuset  3.-dagskvelden, og publikum fekk full valuta for pengane. Her var det «æksjen» frå start til mål, og publikum fikk skikkeleg forklaring på kvifor revyen hadde fått namnet «Romjulsdrønn». Årets gjesteartistar kom fra «Øverbygdrevyen» i Sagatun og «Bygdatrall», og dei skjemte slett ikkje laget!

Revyen starta med eit innslag med «Humleduoen» Gøran Bolme og Svanhild Husby som Hildegunn og Holger – eit revynummer dei har gjort stor suksess med i Surnadal tidligare i haust og hadde mellom anna nye idear med tanke på kommunesamanslåing. Øverbygdgjengen hadde eit innslag med aktuelle tema frå kaffekroken, der dei løyste mange problem og fekk mange idear – her var det Jorunn Talgø, Kristian Nerland og Trond Ivar Pedersen som var i elden.  Råne-Ronny og Sylskarpe Siv hadde  innslag frå rånemiljøet, før Gøran Bolme runda av med si nye «julevise».

Så var det klart for «eigenprodusert» humor, og først ut var Elin Nyheim med sitt innslag «Feiar’n», der ho til slutt fikk snøret i bånn – som nyansatt feiar i SKBFV (Surnadal kommunale brann- og feievesen) og som heretter vil feie pipa nedafrå og opp.  Lars Sæther og Invild Kårvatn fortsette med innslaget  «Brura», der Invild framførte sin song til brudgommen – som avslørte at kjønnsrollemønsteret kanskje ikkje har forandra seg så mykje. Dette vart siste innslaget før pausen, der arrangøren bydde på mexikansk buffe for den som ønska.

Første innslag etter pausen var «Brakarn» der Tore T. Roaldset var forskaren som hadde skaffa seg spisskompetanse både på lukter og lyder, og ikkje minst på råvarer som i hans spesielle miks ga godt resultat. Dette innslaget har nok fødd ideen til å kalle årets julerevy for «Romjulsdrønn». Vidare hadde Laila Kvendset ein monolog om bikkja si – sjølvsagt verdens snillaste hund. Eit artig innslag og godt framført av Laila. Carsten Bohle fortsette med sin fornøyelege vise om fotoboksen og dem som hadde hatt føling med den.  I fortsettinga fikk vi sjå konsekvensane av livet med faceboook og korleis det kan påverke kvardagen vår – og gje mange slags avhengigheit. Dette innslaget vart framført av Elin Nyheim, Rune Moe og Ingvild Kårvatn.

Men litt sladder må det også være på ein revy – Nils Ove Bruset drodlet litt om bygdas kjendisar og kva dei hadde halde på med det siste året, før «Romjusldrønn» vart runda av med avslutningssong. I det heiletatt ein førnøyeleg og god revy med mykje humor og mang ein god latter – flott levert folkens!

Bildeglimt frå årets julerevy «Romjulsdrønn»  – alle foto: DRIVA/Jon Olav Ørsal

 

Publisert: 28. desember 2014, 11:52