Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Todalen historielag Arkiv

Vi fann 286 artiklar i dette arkivet.


Storrundt: Brusetgrenda

Elinor Bolme Fredag 10. april 2015

Denne gongen er vi komne til Brusetgrenda i Todalen Historielag sitt bildearkiv på tur rundt Todalen med bildeseriar frå eldre tider. Denne gongen er det frå Ner Nesset til Elvagrd som er presentert. Meir teksting inne på det enkelte bilde.


Kvar går gammelvegen ut Stranda?

Jon Olav Ørsal Onsdag 8. april 2015

I gamle dagar, før det vart bygd veg utover Stranda til Snøyå og vidare utover, var det ein kløvveg utover lia frå Todalshaugen til Hjellnes. Komande søndag vil Todalen historielag prøve å finne att denne vegen, fortel leiar i historielaget John Moe. Han har fått med seg Gudmund K. Kvendset som kjentmann på turen, og inviterer herved om det er fleire som har lyst til å være med.


Storrundt frå Brusetmarka og Fossheim

Elinor Bolme Laurdag 4. april 2015

Denne gongen er vi frå Todalen historielag sitt bildearkiv komne til Øvre del av Brusetmarka, med Gammelfabrikken, eller Fossheim som den har som stadsnamn, i sentrum.


«Storrundt» har stopp på Kårvatn i dag…

Jon Olav Ørsal Fredag 27. mars 2015

I serien «Storrundt», med historiske bilde som Todalen historielag viste på lagets årsmøte tidlegare i vinter, er i vi dag komne oppi «Markagardan» eller kanskje vi heller skal seie Kårvatn og omliggjande hus og heimar. Det er nok mange som kjenner seg att, men nokre av bileta er nok såpass gamle at mange kanskje har litt problem med det….


Langstrekk i storrundt

Elinor Bolme Fredag 20. mars 2015

Denne gongen har Todalen historielag sendt oss mange bilder får Hallagrenda og opp til Ramsøya og Heggøyan. Mange av dei er frå samme årstal, og nokre av enda eldre årgang. Skulle nokon ha eit bilde som ikkje er vist så langt er det berre å sende det til oss, så legg vi det ut.


Lauvåskogan før i tida

Elinor Bolme Fredag 13. mars 2015

Med fare for å rote seg bort i gamle, nye og bruka stadsnamn skal dagens storrundt frå Todalen historielag visast frå Lauvåskogan. Her er det store forskjellar i landskapet frå bilda er tekne og fram til i dag, med tanke på antall bustader i alle fall.


Todalen historielag: årsmøtet gikk kjapt unna!

Jon Olav Ørsal Torsdag 12. mars 2015

På ein knapp halvtime var årsmøtet i Todalen historielag gjort unna. Årsmelding og rekneskap gikk greit og ryddig unna og det var få spørsmål knytta til oppsummeringa av 2014. Men sjølv om årsmøtet er fort unnagjort, så har laget stor oppslutning i Todalen – «heile bygda» er med og laget kan skilte med heil 167 […]


Aktivt historielag – årsmøte komande onsdag (11.3.)

Jon Olav Ørsal Sundag 8. mars 2015

Onsdag kveld (11. mars) inviterer Todalen historielag til årsmøte i Todalen ungdomshus. Møtet startar kl 19.30. I tillegg til vanlege årsmøtesaker byr dei på «lokalhistorisk quiz» og sjølvsagt traktering – som er skikkeleg kveldsmat.


Storrundt nr 5 – oppdatert

Elinor Bolme Fredag 6. mars 2015

Fredag og ny runde med «Storrundt» frå Todalen Historielag. Denne gongen frå småbruka rundt kyrkja. Hovedbildet er Husbygeilen.


Fjerde runde Storrundt

Elinor Bolme Fredag 27. februar 2015

Her kjem fjerde runde med «Storrundt» frå Todalen Historielag. Denne gongen frå Kvennsetgardane, frå den tida da bygdavegen gjekk bort til Andersstuå og Viastuå. I gamle dagar sto alle husa på gardane på Kvennset i ei klynge der Andersstuå og Viastuå står i dag


Storrundt; tredje runde

Elinor Bolme Fredag 20. februar 2015

Denne gongen er vi komne til Todalshaugen, Rossåa, Utheim og Furuhaugen. Hovedkilden viser Rossåa etter flaumen i 1957. Vi ser Steinan fremst, Saga og Todalshaugen bak. Ein kan lesa meir om flaumen i -57 i Todalen Historielag sitt årsskiftet nr 13 frå 2014. Artikkelen skreve av Jorunn Ørsal.   Todalshaugen Måleri av Utheim   Furuhaugen.


Frå Gjeldnesgardane

Elinor Bolme Laurdag 14. februar 2015

Vi er komne på runde to i Todalen Historielag sin runde rundt bygda. Denne gongen er bilda hovedsakleg fra Gjeldnesgardane og litt innover stranda.