Runde 2 frå Hallsetgrenda
Todalen historielag har så mykje bilder frå Hallsetgrenda/Sjynågrenda at vi kan presenterer tre omgangar derifrå i historielaget sin rundtur rundt bygda.
Vi fann 268 artiklar i dette arkivet.
Todalen historielag har så mykje bilder frå Hallsetgrenda/Sjynågrenda at vi kan presenterer tre omgangar derifrå i historielaget sin rundtur rundt bygda.
Denne gongen er vi komne til Hallsetgrenda i Todalen Historielag sin runde rundt bygda med gamle bilder. I følge leverandør av bildene er bildearkivet herifrå rimeleg stort, slik at vi også neste gong får bilder frå grenda som var svært så folkerik på 50-talet og utover. Bilda som er tilsendt verkar som om å vere teke rundt 50- 60-talet. Mykje fager ungdom, som mangenok dreg kjensel på.
I serien «storrundt» presenter vi i dag Ørsalbukta – frå Haukåbrua til Halsasvingen – med gamle og nyare bilder på denne strekninga. Det er Todalen historielag som har samla inn bilder og er no komne til Ørsalbukta på runden rundt bygda. Vi reknar med at det er mange som kjenner seg att, både på dei nye og gamle bileta.
Eitt av bilda frå Todalen historielag sin runde i Øyagrenda viser 17.maitoget på veg opp Ungdomstubrekka i 1949. Reidun Østvik har sendt oss litt utfyllande informasjon om dette bildet frå 1949. Ho skriv: De 5 første var årets konfirmanter: Leif Hoelsæter (Gammelskolen), Annbjørg Jørgensen (Lykkja), Ola Ansnes, Lisbet (Ørsal) Ranes, Reidun (Talgø) Østvik og Leif Søyset. Mary Krangnes kan jeg ikke se. Hun var den sjette, men begynte på skolen året etter oss.
Nok ei veke er passert, og vi fortsett med Todalen historielag sin runde rundt bygda. Denne gongen er vi komne til Øyagrenda, og vi har fått tilsendt heile 12 bilder frå historielaget sitt arkiv. Utfyllande informasjon får du om du går inn på kvart enkelt bilde i galleriet.
Mange lurte på kor gammelvegen ut Stranda gjekk, heile 34 personar møtte opp for å bli med på turen til Todalen historielag søndag. Veret var fint, sol og vindstille. Vi starta frå Rossåa kraftverk, gjekk utom Storløfta før vi begynte på den gamle, bratte stigen i retning Hjellnes. Opprinneleg starta den gamle kløv- vegen/ stien ved enden av Storura litt lenger inne, men der er det no uframkomeleg på grunn av ras.
Denne gongen er vi komne til Brusetgrenda i Todalen Historielag sitt bildearkiv på tur rundt Todalen med bildeseriar frå eldre tider. Denne gongen er det frå Ner Nesset til Elvagrd som er presentert. Meir teksting inne på det enkelte bilde.
I gamle dagar, før det vart bygd veg utover Stranda til Snøyå og vidare utover, var det ein kløvveg utover lia frå Todalshaugen til Hjellnes. Komande søndag vil Todalen historielag prøve å finne att denne vegen, fortel leiar i historielaget John Moe. Han har fått med seg Gudmund K. Kvendset som kjentmann på turen, og inviterer herved om det er fleire som har lyst til å være med.
Denne gongen er vi frå Todalen historielag sitt bildearkiv komne til Øvre del av Brusetmarka, med Gammelfabrikken, eller Fossheim som den har som stadsnamn, i sentrum.
I serien «Storrundt», med historiske bilde som Todalen historielag viste på lagets årsmøte tidlegare i vinter, er i vi dag komne oppi «Markagardan» eller kanskje vi heller skal seie Kårvatn og omliggjande hus og heimar. Det er nok mange som kjenner seg att, men nokre av bileta er nok såpass gamle at mange kanskje har litt problem med det….
Denne gongen har Todalen historielag sendt oss mange bilder får Hallagrenda og opp til Ramsøya og Heggøyan. Mange av dei er frå samme årstal, og nokre av enda eldre årgang. Skulle nokon ha eit bilde som ikkje er vist så langt er det berre å sende det til oss, så legg vi det ut.
Med fare for å rote seg bort i gamle, nye og bruka stadsnamn skal dagens storrundt frå Todalen historielag visast frå Lauvåskogan. Her er det store forskjellar i landskapet frå bilda er tekne og fram til i dag, med tanke på antall bustader i alle fall.