Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

«Storrundt» til Ørsalbukta

Jon Olav Ørsal Fredag 24. april 2015

I serien «storrundt» presenter vi i dag Ørsalbukta – frå Haukåbrua til Halsasvingen – med gamle og nyare bilder på denne strekninga. Det er Todalen historielag som har samla inn bilder og er no komne til Ørsalbukta på runden rundt bygda. Vi reknar med at det er mange som kjenner seg att, både på dei nye og gamle bileta.

Bileta frå Utigarden er frå tida før Todalen samdrift bygde fellesfjøs der først på 1970-talet. Todalen historielag jobbar med digitalisering av gamle bilder rundt omkring i bygda, så har du nokre godbitar er det berre å ta kontakt med «skannerpatrulja», som er Ingri Bruset og Ragnhild A. Moe.  – Men først kan du sjå om du kjenner deg att på bilda som vi i dag presenter frå Ørsalbukta i galleriet nedafor.  Alle foto er utlånt frå Todalen historielags arkiv.

 

Publisert: 24. april 2015, 16:00