Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

«Visiterte» gammelvegen utover stranda

Dordi Jorunn Halle Måndag 13. april 2015

Mange lurte på kor gammelvegen ut Stranda gjekk, heile 34 personar møtte opp for å bli med på turen til Todalen historielag søndag. Veret var fint, sol og vindstille. Vi starta frå Rossåa kraftverk, gjekk utom Storløfta før vi begynte på den gamle, bratte stigen i retning Hjellnes. Opprinneleg starta den gamle kløv- vegen/ stien ved enden av Storura litt lenger inne, men der er det no uframkomeleg på grunn av ras.

Strandavegen 2

Før start ved Rossåa kraftverk. Sol og blikkstille! Foto: Dordi Jorunn Halle

Strandavegen 3

Leiaren i historielaget, John Moe, orienterer om opplegget for dagen. Han vart positivt overraska over at så mange vart med han på tur. Foto: Dordi Jorunn Halle

Og det må seiast at det er ikkje lett å sjå denne gamle ferdselsåra, vi var på jakt etter i dag. Mykje har hendt i terrenget med ras, tre som har dotte ned, skogsdrift og vegbygging, og ikkje minst er det no sjeldan nokon som ferdast her. Når vi ser terrenget, forstår vi at det ikkje var lett å ta seg fram til Todalen i gamle dagar viss sjøvegen ikkje var farande. Enkelte strekningar vi gjekk i dag, var kjøle bratt og ulendt!

Det var både bratt og ulendt.  Foto: Dordi Jorunn Halle

Vi hadde heldigvis med oss fleire dyktige kjentmenn, både Gudmund K. Kvendset, Bjørn Halle og Kristian Gjeldnes. Dei fann den gamle stigen, og dei losa oss trygt utover Stranda. Vi gjekk forbi Drivhammaren, og ved Inner Drivå er det eit «vegkryss», der går det sti ned til Nervegen som går utover til Nausta der kyrkjebåtane låg om vinteren. Vi passerte Berslåa, Inner Drivå og Ytter Drivå. Vi tok matpause midt oppe i raset frå 2013, der var det godt med sol, flott utsikt og ein spennande plass å vere. Vi gjekk langs Langhammaren, og etter det kom vi inn på ein skogsveg som vi følgde fram til Hjellnesgardane. Ved sida av skogsvegen kunne vi så vidt finne merke etter gammelvegen enkelte plassar. Frå Hjellnes kan du følgje vegen vidare ned til Svinvika eller mot Todalsskaret.

Strandavegen 5

Folksamt oppe i raset! Foto: Dordi Jorunn Halle

Leiaren historielaget, John Moe, var dyktig turleiar, og vi seier takk både til han og initiativtakar til turen, Gudmund K. Kvendset, for ein flott, interessant og triveleg tur! Det finst forresten fleire gamle vegar mellom Todalen og omverda, også ut Stranda. Kan hende det må bli fleire «vegturar».

Neste gong vi kjører ut Stranda, kan vi reflektere over denne skildringa av ei reise frå Todalen til Kristiansund i februar 1888. Lars Toresen Vatn frå Ramsøya skriv slik:

«Veien til byen var meget besværlig, thi vi måtte gå isen til Svinvik og videre med skyss fra Nordvik til Kvanne og siden med damp. Men da vi reiste hjem, var det enda besværligere, thi da måtte vi ta skyss fra Mo til Svinvik og siden gå derfra om Gjeldnes til Todalen, da det var aldeles ufremkommelig på sjøen av is og blåstøe, så det nyttet ikke å gå, forresten var isen usikker. Vi kom til Todalshaug om kvelden efter at det var aldeles mørkt, så uttrettet at vi måtte legge oss.» Sitatet er frå bygdeboka til Leif Halse.

Fleire bilde frå turen har vi samla i eit bildegalleri frå turen utover gammelvegen –  frå Drivhammaren og utover til Hjellnes.  Alle foto: Dordi Jorunn Halle

 

Publisert: 13. april 2015, 13:00