Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Markagapen Stadion – aktiviteten i 60-åra

Jon Olav Ørsal Fredag 17. juli 2015

Den som har levd ei stund minnes nok Markagapen stadion i Brusetmarka og aktiviteten med god gammeldags løkkefotball i 60-åra.  Det var ein improvisert fotballbane, laga av borna sjølve, og hadde sin viktige misjon i ein periode fra starten av 60-åra og nokre få år vidare.  Her deltok born og unge både frå Brusetmarkas brusetmarka og lovande fotballtalent frå resten av bygda.

MarkagapenStadion_0566

Terrenget er nok forandra sia Markagapen stadion, men den låg her i området like ved Stillhølen. Har du bilde frå den tida? Foto: Jon Olav Ørsal

Odd Arild Sande har fått i oppgåve frå historielaget å skrive om ungdomstida i Brusetnarka. Han var mykje på Falløya hos bestemora og gikk sågar på skulen her eit år – det var skuleåret 1962-63 – i tillegg til ferioeopphald her. – Det var ei rikt tid, med mange gode minne, seier Odd Arild, som no treng litt hjelp til å minnast detaljar frå den tida og ikkje minst bilder frå markagapen stadion, som var sentral på den tida.

Torsdag kveld samla han aktuelle informatører frå den tida på Todalshytta. – Det vart ein skikkeleg mimrekveld, og det var tid for oppfriskinga av både årstal, aktuelle namn på dei som deltok i løkkefotballen og sjølvsagt mange gode histoier. Mellom anna mintes dei episoden da Ole Trudvang var på tur forbi med fiskartrøa. Da han passerte stadion fikk han ein ball i ryggen, slik at han mista pipa si ned på vegen. Men Ole vart ikkje sint for det, han berre plukka oppat pipa og stappa ho i kjeften og gikk vidare på sin veg for å prøve laksen i Fyrhushølen attafor fabrikken.

Men foreløpig er det ingen som har funne bilder frå Markagapen stadion – har du bilder frå stadiojn eller frå aktivitetar der, så sett vi stor pris på at du tek kontakt – enten med Odd Arild Sande på telefon 916 13 154 eller med oss i redakjsonen på e-post red@todalen.no

 

Publisert: 17. juli 2015, 13:01