Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Historisk vandring på Kårvatn

Jon Olav Ørsal Tysdag 26. mai 2015

2. pinsedag inviterte Todalen historielag til historisk vandring på Kårvatn. Dei hadde hyra inn Gudmund Kårvatn som guide, og han hadde mykje å fortelje om både gardshistorie, samferdselshistorie og turismen i historisk perspektiv. Turen starta ved «Vandraren» framfor butikken og gikk gjennom gardstunet og innover til Sommarfjøsvollen før vi svinga i retning Nauståfossen og attende til Kårvatn. Eit 50-tals deltakarar hadde møtt fram for å delta.

John Moe og Gudmund Kårvatn orienterer deltakarane. foto: Driva/Jon Olav Ørsal

Aller først fikk vi litt bakgrunnsinformasjon om Kårvatn. Gudmund fortalte at den første sikre informasjon om busetjing på Kårvatn går attende til 1645, da Mogens som budde der da, vart innrulla i skattelista. Mulignes har det budd folk her før, for eit segn seier at det har vore drevet gard her sia 1440-talet eller kanskje også tidlegare. Da hovudhuset vart bygd (i 1911), vart det funne ei gamal kampøks som muligens skriv seg frå vikigtida?  – Og det er da ikkje umuleg, når ein veit at det er fangstanlegg som skriv seg frå steinalderen i fjella omkring her. Men ei kjent sak er det i alle fall at det var ei mykje bruka ferdselsåra frå Oppdal og ut mot kysten som gikk forbi Kårvatn, og dei eldste husa på Kårvatn i dag er frå rundt 1770. Nyaste huset i gardstunet kjem forresten også frå Oppdal – lokalet som huser butikken og lageret, er nemleg eit gamalt fjøs frå Oppdal som vart sett oppatt her i 2008. Da vart det også regulert i gardstunet og bygd ny bru.

IMG_0175

Dei gamle brukâra ved Bruholmen vart kanskje gravd ned av Storofsen på 1700-talet. Foto: Driva/Jon Olav Ørsal

Drifta på Kårvatn i dag er ein kombinasjon av gardsdrift, med kjøttfe av typen Angus og med bruk av utmarksbeite i gammelseterdalen og i Naustådalen. I tillegg drives det turisme, med 28  senger som sjølvbetjening i Målastua og Gammelstua. Dette tilbodet er bruka av både bilturistar og fjellturistar. Vidare er det butikk og grossistverksemd for sport- og fritidsuttyr – i tillegg til forskning på luftkvalitet i samarbeid med Norsk Institutt for Luftforskning.

Gudmund hadde mykje å fortelje om på rundturen. – Første stopp var ishuset, sommarfjøstomta og kolmila som ligg innmed sommarfjøsbrua. Vidare var det ein avstikkar til Bruholmen, der det i 1999 vart funne eit par gamalt brukâr i samband med gravearbeid. Det indikerer at elva gikk her i tidlegare tid og, kanskje har dei samanheng med herjinga til Storofsen på 1700-talet? Treet i brukâra er datert til 1682. Dette har det vore ønske om å granske nærare, men i museumskretsar har det ikkje vore tilgjengelege midlar enno, seier Gudmund. Vidare på runden passerte vi like ved plassen der kvennhuset på Kårvatn stod. Dette var i bruk til 1933, da det var erstatta av bensinmotor-drift heime på garden.

Restane av det gamle kraftverket ved Nauståfossen. John Moe og Gudmund Kårvatn. Foto: Driva/Jon Olav Ørsal

Ved Naustafossen står dei gamle restane av kraftverket. Det vart drive med vassfall frå Nauståfossen og var i drift i perioden 1942 til 1962 – da Aurakraft vart ført fram til Kårvatn. Maskinutstyret i kraftverket kom frå det gamle Rossåverket som vart utskifta. Ein kan enda sjå fundamentet og nokre av maskinene, samt restane etter rørgata som går oppover bakken ved kraftverket. I dag er det montert ein  hydrologisk målestasjon der, som måler vannføring og lufttemperatur som sendes automatisk til NVE. Det gamle kraftverket forsynte heile grenda med straum den gongen.

På turen attende til Kårvatn gikk vi gjennom både det gamle og det nye hyttefeltet. Vi passerte plassen der husmannsplassen Dalaia låg, – og vidare til Dalahaugen. Det var 3 husmannsplassar under Kårvatn – Dalalia frå 1831, Melan (Myrvang) frå 1846 og Dalahaugen frå 1852. I Dalalia er alle husa borte, medan Myrvang og Daløahaugen er bruka som fritidseigedomar i dag.  Gudmund fortalte at det i gamle dagar budde om lag 30 personar i grenda.

Gudmund Kårvatn framfor forskningsstasjonen. Foto: Driva/Jon Olav Ørsal

Siste post på runden var forskningshuset som vart nybygd for eit par år sia – der det blir forska på luft, vatn, ozon og støv mellom anna. Dette arbeidet utgjer tilsaman rund 1/4 årsverk, og er arbeid som utføres av Gudmund. – Kårvatn har lenge vore referansepunkt til resten av Europa med tanke på reint vatn og rein luft.

Etterpå var det samling i butikken på låven, der historielaget spanderte kaffe på deltakarane etter ei interessant og innhaldsrik historievandring.

Sjå bilder frå den historiske rundturen på Kårvatn i galleriet nedafor.   Alle foto: Driva/Jon Olav Ørsal

 

 

Publisert: 26. mai 2015, 05:00