Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Todalen Elveeigarlag Arkiv

Vi fann 191 artiklar i dette arkivet.


Vannføringa rett til værs…

Jon Olav Ørsal Tysdag 9. august 2016

Vassføringen i Toåa har gått rett til værs i ettermiddag – frå beskjedne 5 m3/sek tysdag i 9-tida til rundt 40 m3/sek i 20-tida. Det har regna jamnt og trutt utover dagen, med ein topp rundt 17-tida og det ser ut som elvane som kjem lengst inn frå Trollheimen som har fått mest.


Mykje lus på laksen – men mykje smolt i Toåa

Jon Olav Ørsal Sundag 7. august 2016

Søndag fikk Lars Arild Houmb ein laks på kroken i Raudaåhølen. Det er det mange som har gjort i sommar, og det er ikkje noko spesielt med det. Men denne laksen var på 4,4 kg og var rett og slett mager. Den lange og magre laksen skulle hatt ei vekt på nærare 7 kg, dersom han hadde vore i normal kodisjon. Det var ein nygått laks – full av lus og den hadde ofattande skade både rundt gjellene og på ryggen.


Rake vegen frå Agdenes til Raudåhølen…

Jon Olav Ørsal Fredag 22. juli 2016

3. juli fikk Johan Nygård frå Vågland ein laks i Raudåhølen, og denne laksen er berre ein av mange som Johan har fått på kroken i sommar. Det spesielle med denne laksen er at den har teke turen innom Agdenes på turen «heim» til Toåa.


8,3 kgs laks – årsbeste for Toåa

Jon Olav Ørsal Torsdag 21. juli 2016

Årets største laks så langt i sesonger er det Magnus halle Johansen som er mann for. Saman med broren var han i Toåa på laksefiske eit døgn denne veka, og dei to prøva seg på forskjellige plassar oppover elva. I Fosstrøinn tok storlaksen på 8,3 kg på på spinnaren., til stor glede for Johansen som dermed fikk sin første laks for i år og sette ny personleg rekord.


Kursing av fluefiskarar i sommarvarmen

Jon Olav Ørsal Torsdag 21. juli 2016

Det var godt og varmt for gjengen som lærte fluekasting i dag. Det var Todalen elveeigarlag som stod som arrangør og dei hadde hyra inn Arve Evensen som instruktør for kurset. På dagens kurs var det både rutinerte fluefiskarar og meir nybynnarar i faget som var deltakarar, men felles for dei alle var at dei har laksefiske […]


Bli med og lær deg fluekasting…

Jon Olav Ørsal Sundag 17. juli 2016

Er du interesserti å fiske, men er litt usikker på korleis du kan kome i gang med fluefiske? Da har du ein ypperleg sjanse til å lære meir om dette no. No kan du bli med og lær deg å handtere fluestonga – både eihands og tohands! Torsdag 21. juli blir det nemelg arrangert fluefiskarkurs med Arve Evensen som instruktør. Dette blir eit nybyrjarkurs som går ut på lære om utstyret, instruksjon i kasteteknikk og – blir avslutta med trening i elva.


Todalslaksen: – positiv midtsesongevaluering i Toåa.

Jon Olav Ørsal Torsdag 14. juli 2016

Gytebestandsmålet blir nådd med glans i Toåa denne sesongen, seier Ola Bruset, som er eleiar i Todalen elveeigarlag. Frå sesongstart 15. juni og fram til 10. juli er det teke 86 laks og 42 sjøaure i Toåa denne sesongen. Til same tid i fjor var tala 32 laks og 34 sjøaure. I år har det vore eit eventyrleg fiske og fin fiskarelv med god vassføring det meste av den første halvdel av sesongen.


Jamnt godt laksefiske i Toåa

Jon Olav Ørsal Fredag 8. juli 2016

Sjølv om fangstreultata ikkje kan måle seg med første veka, er det framleis jamnt og godt fiske i Toåa. Seinast torsdag dag vart det meldt inn laks på 5,8 kg og onsdag var det fleire fangstar. Den digitale rapporteringa er litt mangelfull, så vi har ikkje heilt oversikt, fortel Ola Bruset i Todalen elveeigarlag. Han oppfordrar alle til å melde inn fangstar som ikkje alt er rapporterte, da elveeigarlaget skal levere midtsesongevaluering til fylkesmannen.


No kan du sjå avdukinga av Ethelbert på nettsida til NRK

Jon Olav Ørsal Tysdag 5. juli 2016

Storlaksen Ethelbert vart eit døgn forsinka på NRKs lokalsending for Møre og Romsdal. Men tysdag kveld kom innslaget, og no kan du sjå lokalsendinga med innslag om avdukinga på nettsida til NRK.  Klikk deg inn på denne linken.


Avduking av Ethelbert på NRK M&R

Elinor Bolme Måndag 4. juli 2016

I kveld blir det vist eit lite innslag frå torsdagens avduking av fiskestatua på Bruset. Dette skjer på distriktsnyheitene for NRK Møre og Romsdal klokka 18.45.


Torsdag blir «Ethelbert» avduka!

Jon Olav Ørsal Onsdag 29. juni 2016

Du har kanskje oppdaga at det står ein godt innpakka sak på berget der den gamle Brusetløa stod. Torsdag kl 17  blir det nok mykje styr når den skal avdukast og trer fram i sin fulle prakt… Da kjem NRK og mykje folk for å sjå og høre om denne begivenheita. Den er nemleg 160 kg, og […]


Toåa – laksen bit villig vekk….

Jon Olav Ørsal Fredag 17. juni 2016

Det er god stemning i laksefiskarleiren om dagen. Laksen bit på, villig vekk, og det er vel akkurat slik vi vil at det skal være. Dag 3 har ikkje vore noko unntak, og det rapporteres om godt fiske også i dag. Totalt nærmer vi oss fort 30-talet av laks som er komne på land, og det er ikkje mindre enn ein skikkeleg rekord i «nyare tid». Malling rapporeterer at no har alle gjestane på Todalshytta fått fisk på kroken.