Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Vannføringa rett til værs…

Jon Olav Ørsal Tysdag 9. august 2016

Vassføringen i Toåa har gått rett til værs i ettermiddag – frå beskjedne 5 m3/sek tysdag i 9-tida til rundt 40 m3/sek i 20-tida. Det har regna jamnt og trutt utover dagen, med ein topp rundt 17-tida og det ser ut som elvane som kjem lengst inn frå Trollheimen som har fått mest.

Det er nå i meste laget for laksefiskarane, men regnvêret er venta å avta utover kvelden og det vil nok etter kvart bli skikkeleg markelv og kanskje eit godt aurefiske etterkvart.

Holtberget_0582_just

Slimma – lang og mager er laksen som Rune Holtberget fikk måndag. 6,4 kg og 94 cm lang. Foto: Jon Olav Ørsal

Sjølv med lita vassføring har det vore jamnt bra fiske og med større vasføring vil det nok kome rapportar om fangst også. I går tok Rune Holtberget ein stor laks ved Fyrhølen. Den var ikkje så tung på vekta, som berre slo ut med 6,4 kg, men laksen var 94 cm lang. Med normal kondisjon ville denne laksen vore rundt 10 kg, meiner Holtberget. Det er uvisst kva som er årsak til at laksen var så mager, men det var ikkje lus på den da den vart teken.

Først publisert: 9. august 2016, 21:47 - Sist oppdatert: 10. august 2016, 00:38