Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Jamnt godt laksefiske i Toåa

Jon Olav Ørsal Fredag 8. juli 2016

Sjølv om fangstreultata ikkje kan måle seg med første veka, er det framleis jamnt og godt fiske i Toåa. Seinast torsdag dag vart det meldt inn laks på 5,8 kg og onsdag var det fleire fangstar. Den digitale rapporteringa er litt mangelfull, så vi har ikkje heilt oversikt, fortel Ola Bruset i Todalen elveeigarlag. Han oppfordrar alle til å melde inn fangstar som ikkje alt er rapporterte, da elveeigarlaget skal levere midtsesongevaluering til fylkesmannen.

Lakssteinen_2322

Ved Ramsøyvaldet – Djupdalshalsen nedover mot høyre, og yttre dammen midt i bildet. Foto: Jon Olav Ørsal

Basert på omtale og erfaring er det kanskje teke rundt 60 laksar hittil i sesongen, som starta 15. juni. I løpet av neste veke skal det leverast midtsesongevaluering, der fangsttala i første halvdel av sesongen skal danne grunnlag for resten av sesongen, som går fram til 15. august. Rapportering skjer på nettsida til Todalen elveeigarlag ved å klikke på fangstrapport, eller berre klikke på linken her.

Publisert: 8. juli 2016, 21:44