Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Toåa – laksen bit villig vekk….

Jon Olav Ørsal Fredag 17. juni 2016

Det er god stemning i laksefiskarleiren om dagen. Laksen bit på, villig vekk, og det er vel akkurat slik vi vil at det skal være. Dag 3 har ikkje vore noko unntak, og det rapporteres om godt fiske også i dag. Totalt nærmer vi oss fort 30-talet av laks som er komne på land, og det er ikkje mindre enn ein skikkeleg rekord i «nyare tid». Malling rapporeterer at no har alle gjestane på Todalshytta fått fisk på kroken.

Dagens største laks er det nok Bjørn Anthony som går god for – 5,1 kg var laksen han tok ved Lakssteinen og det ser ut til å halde i dag. Dei fleste laksane er i vektklassen 3-5 kg også i dag, men det er fin fisk av god kondisjon og de er artige å få på kroken.

Laksen som Rune holtberget tok i stryka området ved Fosstrøin. Den var 3 vkg, men det er ikkje størrelsen det kjem an på!  Foto: Rune Hoiltberget.

Laksen som Rune holtberget tok i stryka området ved Fosstrøin. Den var 3 vkg, men det er ikkje størrelsen det kjem an på! Foto: Rune Holtberget.

Rune Holtberget er også «komen på banen», og dagens første var på 3 kg, men det er nok berre starten viss vi kjenner han rett. Vi oppfordrar alle om å sende oss bilder av laks frå Toåa så kanskje vi kan få til eit skikkeleg bildegalleri med Todals-laksar?

Publisert: 17. juni 2016, 22:26