Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Rake vegen frå Agdenes til Raudåhølen…

Jon Olav Ørsal Fredag 22. juli 2016

3. juli fikk Johan Nygaard frå Vågland ein laks i Raudåhølen, og denne laksen er berre ein av mange som Johan har fått på kroken i sommar. Det spesielle med denne laksen er at den har teke turen innom Agdenes på turen «heim» til Toåa.

Da Johan kom heim, og skulle vakuumpakke laksen og klargjøre den for frysing, oppdaga han at den var merka. Det var NINA – Norsk institutt for naturforkning som hadde merka den.  Dermed tok Johan kontakt med NINA som hadde merka den.

No har han fått svar frå NINA, og de har funne ut at nr 100093 har vore fanga i ei kilnot på Agdenes i regi av NINA. NINA har der eit prosjekt, der dei måler innsiget av laks frå havet. Det skjedde 12. juni i år, og det er registrert at den var 790 mm lang, «antatt villfisk» og det var ein holaks.

Temmeleg nøyaktig 3 veker seinare lar den seg altså friste av sluken til Johan Nygaard i Raudåhølen og dermed bærer det på land for «nr 100093», som framleis er registrert som 790 mm men har no fått med vekta på 4 600 gram. Neste stopp blir kanskje røykomnen?

Heile historikken kan du sjå nedafor, og kart over området.

IMG Laksevandring_johanNygård

Publisert: 22. juli 2016, 19:11