Laksen biter i sol og varme
Vi har rimeleg gode bevis på at laksen biter godt i sol og varme. Dei siste dagane har vore utfordrande for ein og kvar som må jobbe og stå på. Men vi kan ikkje klage, for det er vel akkurat slike dagar vi har drømt om å oppleve under sydens sol. I Toåa biter iallfall laksen godt, og i løpet av dei 6 første dagane i årets sesong er det kome på land tilsaman 20 laksar med ei gjennomsnittsvekt på 5,4 kg og den totale fangsten er i skrivande stund kome opp i 108,7 kg.