Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Johan hadde flaks?

Jon Olav Ørsal Måndag 15. juni 2020

Det kan kanskje ikkje være berre flaks når ein får to storlaksar med berre nokre timars mellomrom.  Det gjorde nemleg Johan Nygård frå Vågland og det er ikkje første gongen han tek storlaks i Toåa. 

To flotte laksar vart det på Johan Nygård i dag – ein på 8,3 og ein på 9,75 kg. Foto: Jon Olav Ørsal

Johan kom innover til Todalen på måndag og etter to kast i Raudåhølen så satt storlaksen på kroken – 9,75 kg på vekta og årets største laks i Toåa så langt.  Etter ein pause så bars det ut på fiske igjen, og da gikk turen til Skjorahølen på sørsida av elva.  Etter to kast var det atter fast fisk, og etter litt kamp var også denne komen på trygt land – og viste 8,3 kg på vekta. På spørsmål om kva reiskap han brukte så svarte Johan spøkefullt at han tok begge på ei gammel ombygd markstong. 

Som vi har skrevet om tidliger så er det ein tredje storlaks på 7,8 som Peter Overvåg er mester for.  Tilsammen er det i skrivande stund mmeldt inn 7 laksar på til saman 42,4 kg til laksebørsen for Toåa. På disse er det altså ei snittvekt på 6,1 kg – i det heiletatt eit resultat ein må være godt nøgd med. 

Publisert: 15. juni 2020, 20:18