Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Nok eit skikkeleg napp i Raudåhølen

Jon Olav Ørsal Tysdag 16. juni 2020

Kjell Vidar Sigvartsen er dagens mann i Raudåhølen – 10,0 kg viste vekta da laksen var komen på land etter 25 minutt med spenning. For spenning var det til gangs da laksen mesta var komen inn – og så rusa utatt rundt 50 meter igjen. Eg må berre tilstå at eg vart litt skjelven før eg fikk han på land, seier Kjell Inge som kjem frå Eidsvoll.

Det er fjerde året at Kjell Inge Sigvartsen fiskar i Toåa, men han fortel at han aldri har fått fisk her før.  Her kan vi i allfall dokumentere an han har hatt ein god start i år, og at han sikkert nok kjem att neste år.  Laksen har nok stått i elva nokre dagar, etter som den er utan lus – men har fleire merker etter lus på seg.  Kjell Vidar bur på Todalen Brygge, der han blir å finne fram til fredag når turen går vidare.  

Tre glade lakser – vertinna Synnøve var like glad som fiskaren Kjell Vidar Sigvartsen frå Eidsvoll. Foto: Jon Olav Ørsal

Kjell Vidar fikk seg ein god klem med vertinna Synnøve Helland – ho var mesta like glad som fiskaren og trossa koronarestriksjonane, for dette var stor stas.  Todalen Brygge har forresten 3 store leiligheter og ei hytte til utleie.  – Egentleg er dei leigd ut til tyske turistar, men så lenge dei ikkje får reise hit til Norge, så må Synnøve finne nye leigetakarar.  Men Synnøve håpar å kunne erstatte tyskerane med norske turistar utover sommaren. 

 

Publisert: 16. juni 2020, 19:50