Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Storlaksen sleit seg laus og forsvann

Jon Olav Ørsal Torsdag 18. juni 2020

Det har vore godt fiske i Toåa sia starten på laksefisket natt til måndag. På laksebøresn er det i skrivande stund registrert 12 laksar med ei gjennomsnittsvekt på 5,8 kg, og av desse er det 4 laksar over 7 kg, som dermed kan betegnast som storlaks.  Men dramatikken i dag skjedde på Ramsøyvaldet…

Fredag var vi saman med Arve Evensen og Per Pedersen frå Todalshytta for å ta nokre bilete, da vi nærst kom midt oppi laksedramaet ved ytter Dammen (Ramsøyvaldet). Dansken Michael Beck-Hansen hadde nemleg fått på storlaksen – ein rugg han trudde var opp mot 15 kg og som hadde rasa ut med 150 m snøre.  – Michael jobba ei lang stund med laksen og hadde prøvd å rope på hjelp, men det høyrte ikkje vi på grunn av elvesusen – dermed forsvann storlaksen. Eit minutts tid  før vi kom opp til Michael hadde nemleg laksen rulla seg rundt, heilt utsliten, og stukke av i stryket. Men vi fekk heile historia – og litt til, og lærte sjølvsagt mange nye danske gloser. Det vart prompte sett i gang ein aksjon for å prøve å få has på storlaksen, men det vart utan resultat. – Vi får berre håpe at han overlever sommaren og får spreie genane sine  i Toåa i løpet av hausten, kommenterte Arve etterpå. 

Per Pedersen frå Zpey og Arve Evensen frå todalshytta etablerer samarbeid over landegrensene til Danmark. Foto Jon Olav Ørsal

Ærendet vårt var eigentleg ta ein liten prat med Per Pedersen frå utstyrsprodusenten Zpey. Det var nemleg Arve Evensen som grunnla dette firmaet først på 2000-talet, og tok mellom anna patent på eit spesielt design for fluestenger. Men Arve valte å selje seg ut av firmaet i 2008 og det var Per Pedersen og fleire til som overtok selskapet Zpey. Seinare kryssa dei kvarandres vegar igjen, og i 2015 vart Arve atter med på laget. Men Arve hadde også sysla med tanken på å drive Todalshytta. Når dette no vart ein realitet tidleg i vår, var heller ikkje vegen lang for å få til eit samarbeid med Zpey.

Per Pedersen er nemleg dagleg leiar i selskapet Zpey, som er ein dansk utstyrsprodusent, med fluesneller og -stenger som spesiale. Pedersen har no med nokre av sin medarbeidarar til Todalen for å ta del i årets laksestart i Toåa. Dei fekk ikkje passere grensa før midnatt – natt til måndag, men da bar det rake vegen til Todalen og Todalshytta.  Pedersen seier at samarbeidet med Arve og Stian Evensen og Todalshytta er perfekt for å kunne teste og vise stenger og utstyr i samband med laksefisket i Toåa. – I år får vi ikkje gjort så mykje, da vi kom så seint i gang, men vi kjem hit med ei gruppe som skal fiske laks her i august, seier Pedersen. Per Pedersen fortel at han var tent på å reise hit til Todalen for å sjå på Toåa og Todalshytta så snart som muleg. Han trefte nok utruleg godt på, og fekk desse dagane sjå Todalen frå si finaste side. Da vi kom ut av tunellen og såg innover bygda måtte vi berre stoppe og gå ut av bilen for å nyte synet. Med snø i fjella og grøn vegetasjon – og i tillegg den finaste sommartemperaturen.

Per Pedersen prøver seg på storlaksen – men utan resulat denne gongen, men trøstar seg nok med at han tok to mellomlaks for eit par dagar sia. Foto: Jon Olav Ørsal

Og gjengen frå Danmark har vorte begeistra for Todalen – her er rein natur, ro og fred. Vi har trivast i Todalen og Toåa frå første dag – her er som eit paradis, skryter Pedersen uhemma – og er imponert både over elva, naturen og ikkje minst Stians matkunster på Todalshytta gourmetkjøkken. I løpet av opphaldet har Pedersen fått 2 laksar – 5,1 og 4,4 kg.  Den eine ho-laksen fekk ein ny sjanse da den vart sett ut igjen.  – Eg skal reise heim igjen fredag, men eg kjem snart att til Todalen, og i august tek vi som sagt med oss fleire og kjem att for å fiske. Når vi skil lag seier Arve at det første året blir nærast som eit prøveår for han og sonen Stian.  – Leige av Todalshytta vart bestemt i vår, og «styret» med koronaviruset gjorde det umogleg å planlegge noko som helst for denne sesongen. – Men vi får da køyrt oss inn litt og frå neste år blir det i alle fall full satsing.   

Mykje laksehistorie i Toåa – her dreiv Ethelbert Lorth Phillips i første halvdel av 1900-talet. Foto: Jon Olav Ørsal

Per Pedersen frå danmark og Arve Evensen som er vert på Todalshytta saman med sonen Stian. Foto: Jon Olav Ørsal

Mange fine hølar i Toåa – her frå ramsøyvaldet. Foto: Jon Olav Ørsal

Bildegalleri frå Toåa. Gjengen frå Zpey hadde med seg eigen fotograf.  Vi har fått nokre bilder frå aktivitetane denne veka – alle foto: Hendrik Bønnelykke (DK)

Publisert: 18. juni 2020, 15:00