Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Elveeigarlaget planlegg ny sesong – årsmøtet er utsett

Jon Olav Ørsal Laurdag 28. mars 2020

På lik linje med mange andre lag og organisasjonar har Todalen Elveeigarlag utsett sitt årsmøte på ubestemt tid. Det er sjølvsagt situasjonen med risiko for spreiinga av koronavirus som er årsak til det, melder leiar Arbjørn Karlsen i elveeigarlaget. Karlsen fortel vidare at det sittande styret i elveeigarlaget av same grunn vil fortsette i sine funkjonar inntil vidare. 

Dermed er det og klart at det sittande styret vil planlegge årets fiskesesong i Toåa som eigentleg er like rundt hjørnet. – Vi reknar med at fisket i Toåa går som før og at det blir uendra aktivitetsnivå, dersom ikkje årets sesong ikkje blir omfatta av nokon form for «koronarestriksjonar» da, seier Karlsen. Dei siste åra har laks- og ørretfisket pågått frå og med 15. juni, til og med 15. august.

Publisert: 28. mars 2020, 16:14