Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Forside Arkiv

Vi fann 8881 artiklar i dette arkivet.


Strikkekafè i Sanitetshuset

Strikkekafè i Sanitetshuset

Jon Olav Ørsal Laurdag 27. november 2010

Kald vind og masse kuldegrader ute anfekta ikkje «strikkegjengen» i sanitetshuset laurdag ettmiddag. Der var det godt og varmt, og det knitra i strikketøyet rundt bordet, der 11 deltakarar hadde teke plass. Samtidig gikk praten uanfekta av strikkinga, og det vart skapt både gensere, votter og sokkar og mykje anna rart.  Og sjølvsagt var det […]


Ingvar minnes cruiseskip på Todalsfjorden

Ingvar minnes cruiseskip på Todalsfjorden

Jon Olav Ørsal Laurdag 27. november 2010

I juli hadde vi ei kommentarsak til at Ragnar Halle hadde lansert ein ide om cruisetrafikk på Todalsfjorden som framtidig turistmål i ein artikkel i Driva. Dette var kanskje ikkje så framand ein idè, for det har faktisk vore cruiseskip på Todalsfjorden før. Ingvar Øyen (87) minnes at det var eit engelsk cruiseskip på Todalsfjorden ein gong da han var gutunge. Ingvar er litt usikker på når det var, og namnet på båten, men det var før han begynte på skulen. Sannsynleg vis på slutten av 1920-talet.

Les heile saka

Stangvik historielag med årsskrift

Stangvik historielag med årsskrift

Jon Olav Ørsal Laurdag 27. november 2010

Denne veka kom det nye årsskriftet til Stangvik historielag i salg. Leiar Einar Grønnes rosa bidragsytarane og redaksjonsnemda for arbeidet med årsskriftet. 100 sider med 23 artiklar, der tekst og bilder famnar vidt i tid, emne og geografi. Mellom anna er det ein artikkel om da Todalsfjorden/Stangvikfjorden var islagt heilt ut til Aksneset i 1940-åra.

Les heile saka

Bibliotekets framtid under vurdering

Bibliotekets framtid under vurdering

Ole Petter Talgø Torsdag 25. november 2010

Todalen er i dag einaste gjenverande filial blant bygdefilialane under Surnadal Folkebibliotek. No vurderast framtida til filialen, som opplever for dårlig besøk for å kunne forsvare å oppretthalde drifta på dagens nivå. Filialen i Todalen har hovedvekt på bøker for barn og unge, men har også eit stort utvalg av bøker til voksne.

Les heile saka

Amazing Safari

Amazing Safari

Elinor Bolme Onsdag 24. november 2010

Ei halvfull kyrkje, to kor og eit orkester var slett ikkje det verste i vinterkulda ein sein novemberkveld. Todalskoret hadde i kveld bede med seg Åskardskoret og orkesteret Safari til ein variert Tonekveld i Todalen Kyrkje.

Les heile saka

Kaldperiode i vente

Kaldperiode i vente

Jon Olav Ørsal Tysdag 23. november 2010

På værmeldinga yr.no er det kaldvær i vente over heile landet. Dette vil vi få skikkelig føling med på Nordmøre også, og rundt helga og vidare ut i neste veke vil temperaturen kanskje nå ned mot tjuetalet. Det er nok lurt å sjekke temperaturen og om nødvendig slå på litt varme, slik at ein kan […]


Hjortfest laurdag kl 20

Hjortfest laurdag kl 20

Jon Olav Ørsal Tysdag 23. november 2010

Billettsalget til Hjortfesta 2010 er i full gang på ICA Todalen. Todalen idrettslag er arrangør, medan jaktlaga på sørsida av dalen (Bruset/Øya/Ørsal/halset) er vertskap for festa. Festsjef Ståle Ansnes fortel at dei har mykje å by på, og han røpar samtidig menyen, der “årets hjortegryte” er hovudrett. Billettar selges som sagt på ICA Todalen, og kostar kr 200. Den dekkjer inngangsbillett og mat.

Les heile saka

Brannvern på boks

Brannvern på boks

Elinor Bolme Måndag 22. november 2010

Adventstid og juleforberedelsar, ei tid med levande lys og smultgryter. Då er det viktig å vera forberedt meiner Solvor Lindset Øyen. Ho er forhandlar av eit nytt brannvernmiddel som no er på markedet. Midelet heiter Prevento, og har fått sers gode skussmål blandt fagfolk.

Les heile saka

Mange besøkte bokbadet

Mange besøkte bokbadet

Jon Olav Ørsal Sundag 21. november 2010

Nærare hundre historieinteresserte todalingar stakk innom Ungdomshuset for å hente/kjøpe det nye årsskriftet søndag ettermiddag. Det var Todalen historielag som arrangerte bokbad og premiere for det nye årsskrifte, og iviterte todalingane på ettermiddagskaffe. Da var det også høve til å kjøpe eldre utgåver av årsskriftet, og andre publikasjonar som laget har laga eller har for salg.

Les heile saka

Streiftog rundt bygda

Streiftog rundt bygda

Jon Olav Ørsal Laurdag 20. november 2010

Laurdag starta dagen med klarvær og nærare 12 kuldegrader. Og utsikten for neste veke er ikkje betre, for på yr.no meldes det om kaldvær heile veka med ein bunn mandag 29. på heile 17 kuldegrader. Vi tok likevel turen rundt bygda for å sjå om det var nokon som trossa kulda og heldt på med uteaktivitear. På Bruset var det tømmerhogging, der Skogkompaniet var i full gang med å hogge granfeltet mellom garden og Todalshytta. Anders Holden satt attafor spakene på hogstmaskina.

Les heile saka

Bøfjorden òg på nett

Bøfjorden òg på nett

Elinor Bolme Fredag 19. november 2010

Da har også bøfjordingane fått opp si eiga nettside. Ut i frå arkivet deira, kan det sjå ut for at ho vart starta no først på november. Gå inn her for å sjå på sida.

Les heile saka

Folketonar frå Todalen på Åsen

Folketonar frå Todalen på Åsen

Elinor Bolme Torsdag 18. november 2010

Nordmøre Museum med Surnadal Bydgdemuseum i spissen arrangerer tysdag 23. november kl. 19.00 konsert med folkemusikaren Jorun Marie Kvernberg på Åsen.
På programmet for denne solokonserten er folketonar frå Nordmøre, og spelemenn og tonar frå Todalen er også representert
Nokon vil kanskje hugse henne frå sist Vårsøghelg der ho spela med Unni Boksasp ensemble

Les heile saka