Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene
Godt for kropp og sjel

Godt for kropp og sjel

Jon Olav Ørsal Onsdag 6. april 2011

Frå Surnadal Velværesenter, som er medlem hos todalen.no har vi fått ei oppdatering på kva som skjer utover våren. Dei melder om ulike kampanjar og «gulrøtter» for å få fart på sommar forma. I april månad gis det mellom anna rabattar og premier til nye medlemmer. Kvar torsdag er det naprapat på huset, og heilt nytt frå sist i mars er moglegheiter for akupunktur. Velværesenteret presssiserer at naprapat og akupunktur gjeld for alle, ikkje berre medlemmane.

Etter påske startar eit kurs som heiter «Naturleg slank med Dr Fedon og raw food-prinsippet» Kurset går over 8 veker og siktar seg inn på praktiske og fornuftige matvanar for eit varigt resultat. For å lesa meir kan du sjå heile plakaten her.

Ellers kan og Velværesenteret tilby foredraget «Tankens Kraft»  for lag, foreningar og bedrifter som kunne tenkt seg ein oppkvikkar, og ikkje minst rette fokuset på kvardagsmestring. For å se hele den plakaten klikk her,

Publisert: 6. april 2011, 17:00