Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene
Hugs – skulejubileum på laurdag!

Hugs – skulejubileum på laurdag!

Jon Olav Ørsal Fredag 8. april 2011

På Todalen oppvekstsenter er det dobbelt jubileum laurdag (9. april kl 13.00).  Da feirer Todalen skule 90 år og Todalen barnehage 20 år. Første byggetrinn av skulebygninga vart altså teke i bruk i 1921 (sjå bilde ovafor), medan Todalen barnehage vart bygd i 1991, der mykje av arbeidet vart gjort på dugnad av bygdefolket. No har dei programmet klart for storjubileumsfest, og dei inviterer til feiring laurdag 9. april kl 13.00, med FAU som arrangør.  Her kan du laste ned programmet som PDF-fil.

Det vil bli ein innhaldsrik dag, med:

  • Utstillingar
  • Underhaldning (både born og vaksne)
  • Allsong
  • Loddsal
  • Stort kakebord

Alle er hjarteleg velkome!

TODALEN SKULE 1921. Bak frå venstre: Magnhild Kårvand, Ingeborg N. Øyen, Arne Ansnes, Erik Øyen, Ole Vatn Talgø, Lars Halle, Steinar Halle, Ingeborg Ørsal, Gjertrud Husby (Oddøy), Aslaug Kalset Talgø. Sitjande frå venstre: Ane Halle Halset, Bjørg Halle, Ane Kvendset Talgø, Gjertrud Settem, Lærar Trygve Brøske, Mildrid Husby, Ane Settem, Ingrid Heggernes, Ellen Husby Tørset. Sitjande på golvet frå venstre: Nils Ørsal (Husbygeilen), Ola Husby (Heggøy), Anders P. Halset, Ludvig Rendal.

Publisert: 8. april 2011, 18:00