Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene
Skrult imponerte stort

Skrult imponerte stort

Jon Olav Ørsal Torsdag 7. april 2011

Eit hundretals tilhørarar kom til kyrkja for å få med seg konserten med Skrult frå Ålvundfjord onsdag kveld. Og jammen fekk dei valuta for pengane, og var rause med applausen under konserten. Skrult tok publikum med på ei reflektert musikalsk reise som publikum sette stor pris på. Det var full trøkk og svingande rytmer, ei musikalsk vandring med hovudvekt på amerikansinpirert folkemusikk.

Det var god stemning under konserten, der publikum var heilt med og klappa takten til dei svingande rytmane. Da konserten var slutt, vart musikarane belønna med ståande applaus. Dei kvitterte og takka publikum med eit ekstranummer før dei runda av forestillinga.

Medlemane i Skrult frå Ålvundfjord er: Terje Johnsen, Øyvind Vådahl, Mattis H. Bjørsvik, Gunnar Erik Walseth, Øystein Sandbukt og Simen Resell.   Snorre Koht Tøfte sørga for styring av lyd og lys.

Først publisert: 7. april 2011, 06:00 - Sist oppdatert: 6. april 2011, 22:43