Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene
Gammelskulen for 1 krone.

Gammelskulen for 1 krone.

Elinor Bolme Måndag 4. april 2011

Både Driva og Trollheimsporten har i løpet av helga orientert om at Gammelskulen i Todalen no er bestemt seld til ”Gammalskulen lokalhistoriske og fleirkulturelle senter». Som tidlegare nemt hadde dei lagt inn bud på skulen til 1 krone, og fekk no dette innvilga på siste komunestyremøte, med frist for å realisere prosjektet innan 1. september.

I følge Trollheimsporten ser stiftinga for seg dette senteret som «ein viktig møtestad for ein større region».

Les meir om saka hos Trollheimsporten eller Driva.

Under ser de eit bilde frå 1910, teke frammom Gammelskulen som vi har fått frå leiaren i interimstyret for Gammelskulen, Ragna Kvendset.

2. årskull frå Todalen skule 1910.  Bak frå venstre: Gjertinus Husbu, Olai Halle, Bjarne Halle, Tore Husby Heggøy, Kristen Ørsal, Stinus Ørsal, Torleif Ørsal, (?), Ola M. Husby. Midten frå venstre: Ellen Halse, Ingeborg Ørsal, Ildrid A. Bruset, ?, ?, Arne Halle og Ola Kvendset. Framme frå venstre: Berit Talgø Halle, Gudrun Bruset Torvik, Astrid Halle, Marit Halse, Gudrun Øyen, Gunnhild Halset, Ingeborg Halse Hoem, Gurine Bruset Helgetun.

Først publisert: 4. april 2011, 11:14 - Sist oppdatert: 13. desember 2011, 13:03