Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Forside Arkiv

Vi fann 9009 artiklar i dette arkivet.


Strikkekaffe i Sanitetshuset

Dordi Jorunn Halle Torsdag 31. august 2023

Todalen sanitetsforening melder at laurdag 2. september er det strikkekaffe i Sanitetshuset i tidsrommet frå klokka 13:00 til 16:00. Alle er velkomne, med eller utan handarbeid!


Politikervisitt – Gjorde seg kjent i Todalen

Jon Olav Ørsal Torsdag 31. august 2023

Valdagen nærmar seg med stormskritt, og i dag var det ein gjeng med raude skjorter som gjorde seg kjent i Todalen.  – Vi kom til Todalen for å treffe bygdefolket, slik at vi skulle få høyre kva todalingane er opptekne av og for å bli litt betre kjent i bygda, seier Annett Ranes som er Surnadal Aps ordførarkandidat.


Redusert kapasitet frå Rykkjem torsdag kl 05.30

Jon Olav Ørsal Onsdag 30. august 2023

Grunna transport av farleg last vert det redusert kapasitet (maks. 12 passasjerar) på avgang frå Rykkjem kl. 05:30 torsdag 31. august. Dette gjeld altså for rute 1061 Kvanne – Rykkjem, melder Fjord1


Framtidsfullmakt – kva er det?

Jon Olav Ørsal Onsdag 30. august 2023

Tysdag 5. september kl 18:30 inviterer Todalen sanitetsforening til infomøte om etablering av framtidsfullmakt i Sanitetshuset på Kvennset.  Da kjem advokat Inger Grete Lundemo for å orientere om framtisfullmakt – og kva dette er, og korleis du skal gå fram med å etablere slik fullmakt.   Dette er eit ope møte, med gratis adgang, og alle er velkomne til å bli med.  Enkel servering.


Bli med på Stikk UT! Festival 2023! 

Jon Olav Ørsal Tysdag 29. august 2023

Nå går vi inn i friluftslivet uke, som arrangeres i tidsrommet 1. – 10 september – starter altså kommende fredag og varer helt til neste søndag.  Det er så langt i år registrert mange turer til de 2 Stikk UT-måla her i Todalen – den ene turer er i Toåa tursti og den andre er Svinvikrunden, med registreringspunkt på Kammen.  Fra Friluftsrådet i Nordmøre og Romsdag har vi fått ei pressemelding om opplegget:


Singel og sand ved Sandkaia

Jon Olav Ørsal Tysdag 29. august 2023

Måndag ettermiddag var det full sjau med lossing av knusabrus frå fraktebåten «Torvåg», og det er firma Per Gjeldnes Maskin som er mottakaren.  I dag var det levert ein heil båtlast med knusabrus, som kom frå eit knusverk på Averøy.  Grusen er lagt til lager i området ved sandkaia i Sissigrenda.



Valkampen fortsett – torsdag er det Ap som kjem på besøk

Jon Olav Ørsal Måndag 28. august 2023

Torsdag kl 10.00 møter lokale listekandidatar på stand ved Matkroken, fortel ordførarkandidat Annett Ranes i Surnadal AP.  – Ho håpar at mange kjem innom for ein kaffekopp og ein prat.  Etterpå er det samling på Todalshytta frå 11.00 – 12.30, der det blir orientering med Saniteten og Talgø-konsernet.   Anett Ranes fortel at dei her vil […]


Agrisjå 2023 – stor interesse for lokale produkt

Jon Olav Ørsal Sundag 27. august 2023

Denne helga – det vil seie frå fredag til og med søndag har det vore stor landbruksmesse i Stjørdal – næarare bestemt på Lånke. Det er Agrisjå som er arrangert av og for landbruket, og her har det vore vist produkt og ustyr, samtidig som landbruket har fått presentert seg sjølv.  Her deltok det lokale firma som har produkt og tenester å by på for landbruket:  Talgø Bygg i Todalen, Talgø Agrobygg i Bindal og Surnadal Håndverk – samlig er god nøgd med responsen, og har knytta mange nye bekjentskaper som dei skal jobbe vidare med.



SJFF – hausting i pakt med naturen

Jon Olav Ørsal Laurdag 26. august 2023

Vi har lyst til å vise fram kva vi held på med, og sjølvsagt vil vi prøve å få med oss fleire.  – Det er Turid Sættem Eggen som fortel at Surnadal jeger og fiskeforening (SJFF) driv med mange forskjellige aktivitetar, og denne laurdagen har dei aktivitetsdag i Svartvassområdet for å vise seg fram i meir unbant strøk enn dei valevis held på med sine aktivitetar.  


Lokale Byggmakker-butikker står støtt

Jon Olav Ørsal Onsdag 23. august 2023

Byggebransjen opplever tøffere tider og byggevarekjeden Byggmakker varslet 22. august at dette nå får konsekvenser for dem, med mulige nedbemanninger og nedleggelser av enkelte egeneide varehus. Lokalt står imidlertid de frittstående Byggmakker-butikkene på Tingvoll, Sunndalsøra og Surnadal støtt.