Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Julekalenderen rullar vidare – 2 måndagsvinnarar er trekt ut

Jon Olav Ørsal Måndag 4. desember 2023

Bjørn Kvendset må være inne i ein vinnarstim no i kulda.  Han vant den første gevinsten den 1. desember, og alt i dag er han atter vinnar – denne gongen er gevinsten ei spekkfjøl.  Også den kortreist og laga i nærmiljøet, og er sjølvsagt kjekk å ha. Dagens andre gevisnt er heller ikkje å forakte, spesielt når kvikksølvet kryp så langt ned at det mesta kjem bort på gradstokken.   

Gevinst nr 2 er eit par ullsokkar som er trekt ut på kalenderen til Rita Storslett. Foto TIL trim

 Dagens gevinst nummer to er nemleg eit par heimestrikka ullsokkar av beste sort.  Den heldige vinnaren er Rita Storslett og ho kan lokaliserast til Inner-Baugen på Todalsøra.  Og som vanleg vil vinnarane bli kontakta av TILs trimgruppe for å avtale overlevering av gevinstane.  

Publisert: 4. desember 2023, 06:00