Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Forside Arkiv

Vi fann 9008 artiklar i dette arkivet.



Kløvertur i Talgømarka

Dordi Jorunn Halle Sundag 5. november 2023

Todelen sanitetsforening inviterer til kløvertur måndag 6. november. Oppmøte ved Matkroken og start derifrå kl. 11:00. Alle er velkomne til å blir med ut på tur!


Netthendte damer på strikkekaffe

Jon Olav Ørsal Laurdag 4. november 2023

Det er nok ikkje berre strikking som foregår på Strikkekaffen som Todalen Sanitetsforening arrangerer.  Nongnut Brusethaug gjorde i dag siste innspurt på ein fleire meter lang løpar som ho skal ha på spisebordet med plass til 12 personar på julaftan. Jammen eit praktfullt stykke handarbeid som ho har jobba med i haust.  I tillegg har ho laga ein til, som Todalen Sanitetsforening har fått, og den skal loddes ut no snart – her blir det nok kø for å kjøpe lodd?


Fredrikkekaffe i Sanitetshuset

Dordi Jorunn Halle Fredag 3. november 2023

Todalen sanitetsforening inviterer til Fredrikkekaffe laurdag 4. november i tidsrommet 13:00 til 16:00. Alle er velkomne med eller utan handarbeid.


Dugnad – Satsar på å bli ferdig til julebasaren

Jon Olav Ørsal Fredag 3. november 2023

I haust har det vore Forsamlingshuset på Nordvik vore stengt på grunn av oppussing av kjøkkenet.  Nordvik grendalag, som er huseigar, har lenge jobba med planar for ei oppgradering – sågar har det vore nemnt at det kunne ha vore like lurt å bygge nytt.  I sommar kom arbeidet i gang, og da var det i første omgang kjøkkenet som skulle få ein omgang, og etter plana skulle det meste av arbeidet gjerast på dugnad, unnateke rørleggar og elektrikararbeidet.


O jul med din glede – på Hageland Surnadal

Jon Olav Ørsal Onsdag 1. november 2023

På Hageland Surnadal har dei førebudd seg på jula i lang tid – torsdag 2. november opnar «julebutikken», og da markerast starten med langopen butikk både på Hageland og hos naboen Byggmakker til kl. 20. Heile butikken bognar av julevarer, og du skal jammen være standhaftig og kjempe imot dersom du ikkje kjem i god julestemning når du kjem inn her.  Det er no knappe to månader til julaftan, og det er nok mange som tykkjer at dei har god tid på julehandelen enno.


Trollheimsutstillinga: På flyttefot til Brusetmarka

Jon Olav Ørsal Tysdag 31. oktober 2023

Heilt sia 2012 har Trollheimsutstillinga vore på flyttefot – i samband med renoveringa av Stangvik skule vart utstillinga demontert og flytta til dei gamle tannlegekontora ved ungdomsskulen på Øye.  Etter renoveringa på Stangvik skule vart det aldri plass til å montere utstillinga igjen, og når ombygginga av Surnadal Barne- og ungdomsskule starta for 2-3 år sia, så vart utstillinga flytta nok ein gon – denne gongen til den nedlagte skulen i Bøfjorden. 




Kløvertur til Hjellnes

Dordi Jorunn Halle Sundag 29. oktober 2023

Todalen sanitetsforening inviterer til kløvertur måndag 30. oktober. Oppmøte ved Matkroken og start derifrå kl. 11:00. Alle er velkomne til å bli med ut på tur!


Delvis måneformørking laurdag kveld

Jon Olav Ørsal Sundag 29. oktober 2023

Dersom du hadde eit auge på kveldshimmelen laurdag kveld, så vart du kanskje vitne til ei delvis måneformørking i nokre minutt.  Den var på sitt største kl 22.14, og skuggen av jorda dekte da ein liten skalk. Når dette skjer så ligg sola, jorda og månen på linje, slik at jorda altså kastar skugge på månen. 


Kaldvêr og veddrift på dugnad.

Jon Olav Ørsal Laurdag 28. oktober 2023

Med aukande straumprisar er det sjølvsagt aktuelt med vedfyring igjen.  Dei siste par månadene har regnet sørga for å halde straumprisane nede – sågar eit par dagar på minusnivå.  Men så kom finvêret og litt kulde, og da vart det straks aktuelt å fyre opp i omnen igjen.  Bjørn Kvendset rusta seg på skogsarbeid og vedhogging i Lykkjebygda i dag – det er nok ved for neste sesong, og leveringsklar først til sommaren.