Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Forside Arkiv

Vi fann 8579 artiklar i dette arkivet.


Årets siste trening ute for Todalen Knøtt

Årets siste trening ute for Todalen Knøtt

Knut Bergli Onsdag 28. september 2011

I dag (tirsdag) hadde Todalen Knøtt sin siste trening ute for i år. Det var som vanlig godt oppmøte på treningen. Vi hadde «ballkaos», stafett og avsluttet med kamp – gul mot blå. Gult lag vant med ett mål. I løpet av sommeren har vi deltatt på Breddefotballdagen, HalsaCup, Todalsdagen og SøyaCup. Vi har spilt […]

Les heile saka

Kultur i oktober

Kultur i oktober

Jon Olav Ørsal Tysdag 27. september 2011

Vi skriv snart oktober, og ny kulturkalender fra Surnadal kulturhus er på gang. I oktober er det fleire godbitar som står på programmet, og  i tillegg til mange kinoforestillingar er det både teater, danseforestilling med Riverdance og folkeakademiet kjem med forestillinga «Johansen skiftar genser». Men før oktoberprogrammet startar er det ein hektisk innspurt på septemberprogrammet, […]


6-spiring på Kvennset

6-spiring på Kvennset

Jon Olav Ørsal Måndag 26. september 2011

Hjortjakta er i full gang, og både hjort og elg lever utrygt no om dagane. Frå Kvennset jaktlag har vi fått eit fint bilete av Lars Sæther som felte ein 6-spiring oppunder Sultæla i helga. Vi tek gjerne mot fleire fine bilete frå jakta, både med og uten jegrar og bytte. Kanskje du har andre fine […]


Brannvernveke ved Todalen oppvekstsenter

Brannvernveke ved Todalen oppvekstsenter

Dordi Jorunn Halle Måndag 26. september 2011

Sist veke var brannvern tema ved oppvekstsenteret. Torsdag var det brannøving, vi trena på rask og riktig evakuering. Skuleelevane har samlingsplass mellom ballbingen og dissestativet, medan barnehageungane blir samla inne i ballbingen. Brannvernleiar Sjur var godt fornøgd med øvinga.

Les heile saka

Ein sommar er over…

Ein sommar er over…

Jon Olav Ørsal Sundag 25. september 2011

Sommarsengen på sjøen er nok på hell, og det er snart tid for å ta båten til vinteropplag. Ivar helge og Gudmund Kvendset nytta floa søndag føremiddag til å ta opp båten frå Småbåthamna på Kvennset. Ustabilt vær gjennom heile sammaren har nok gjort sitt til at det har vore lite båtliv denne sesongen, fortel Ivar Helge. Difor går båten no i opplag i påvente av ein ny og betre sesong neste år.

Les heile saka

Til Honnstadvatnet og Soggnebba

Til Honnstadvatnet og Soggnebba

Vidar Sogge Sundag 25. september 2011

Stavganggruppa i Surnadal pensjonistlag hadde torsdag 22. september ein kjempeflott tur til Honnstadvatnet og Soggnebba. Etter at vi hadde parkert bilane ved eit grustak på Honnstad, la 33 spreke stavgangarar kursen mot Honnstadvatnet. Medan ein del slo seg ned ved gapahuken nede ved vatnet, fortsette andre vidare til høgdene ovafor Honnstadvatnet. Ei tredje gruppe på 11 personar la kursen mot Soggnebba.

Les heile saka

Vegsikring i Kufalla

Vegsikring i Kufalla

Jon Olav Ørsal Laurdag 24. september 2011

Denne veka har det pågått sikring Kufalla på vegen til Kårvatn. Laurdag var det brørne Per og Ola Gjeldnes som var i gang med skytearbeid for å få breiare veg og for å sikre at vatnet ikkje grev ut og lagar ras nedpå vegen i regnvêr. Det er Surnadal kommune som er oppdragsgivar, men prosjektet […]

Les heile saka

Kjøp sanitetslodd!

Kjøp sanitetslodd!

Jon Olav Ørsal Laurdag 24. september 2011

Laurdag var Saniteten i full aksjon med førehandssalg av lodd til Sanitetsbasaren i sanitetshuset 2. oktober. I kaffekroken på ICA Todalen var Åshild Halle på plass med loddbøker og pengekasse, og kunne rapportere om godt salg til folk som var på laurdagshandel og andre som berre stakk innom kaffekroken. Som sagt blir det trekkjing i Sanitetshuset […]


Nordmørsutstillinga 2011

Nordmørsutstillinga 2011

Elinor Bolme Fredag 23. september 2011

Surnadal Kunstforening har i år inngått samarbeid med Kristiansund kunstforening om kunstutstillinga «Nordmørsutstillinga». Utstillinga er ei viareføring av fjorårets «Lauvfall» med 35 utstillarar. Utstillinga åpnar i morgon kl 13 i Finstuå, på Surnadal Kulturhus. Utstillinga blir ståande der i 14 dagar før den blir flytta til Kristiansund kunstforening sine lokaler i Kristiansund etterpå.

Les heile saka

Den internasjonale eldredagen

Elinor Bolme Torsdag 22. september 2011

Frå leiar i Surnadal demensforening og helselag; Liv Botten har vi fått ei påminning om den internasjonale eldredagen som arrangeres også i vårt omland. Demensforeninga ønsker difor i lag med Folkeakademiet i Surnadal, Eldrerådet og Pensjonistlaget alle interesserte velkomne til Vårsøg Hotell laurdag 1. oktober kl 14.00 for å markere denne dagen.


Balldag uti Bøfjorda

Balldag uti Bøfjorda

Bernt Bøe Onsdag 21. september 2011

Sildballmiddag er tradisjon når Bøfjorden Sjøbruksmuseum søndag avsluttar sommarsesongen. Dessert denne gong er filmglimt frå Eistein Bæverfjord sin rike produksjon. Trekning av årets utlodning avrundar dagen.

Til ballgrytene har Kåre Bøklepp skaffa silda og Skrøvsetfolket potetene. Gunnvor, Ragnhild og Edna sørgjer for velsmakande og altså kortreist bøfjordmiddag. Gåvebordet til basar-trekninga bugnar av flotte gevinstar.

Les heile saka

Godbitar på loppis i Stangvik

Anita Land Onsdag 21. september 2011

Er du ute etter ein godbit er Bondehuset i Stangvik staden i helga. Laurdag 24.september kl 11 – 15. arrangerer Stangvik Grendalag basar med mange gamle og nyare lopper. Arrangørane har fått inn mykje fine ting, og nemner pynteting, servise, møblar, lamper, bøker, leiker, el.orgel, teppe, speglar, vesker, utstoppa kanadagås med meir. Elles blir det […]