Uheldig billist – svake kanter
Eller kanskje var dei heldige? Ein bil hamna på taket i grøfta mellom Svinvika og Nordvik søndag kveld. Iallfall måtte dei ha hjelp av bergingsbil for å kome seg på vegen igjen. Det er no både glatt og svake snøkanter, så det er lett å hamne utafor vegen.