Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

At det går an å gjera slikt?

Jon Olav Ørsal Måndag 30. desember 2013

Det er Sven Olav Svinvik som seier det, når han peiker ned på 6-7 gamle vindu som ligg slengt mellom gammelvegen og sjøen i vika innafor kammen. Nokon har rett og slett stoppa og lempa ein heil palle med gamle vindu nedover skråninga mot sjøen. På eit par andre plassar var det også hiva fleire sekkar med søppel, som ein av dei andre grunneigarane i område har rydda bort i dag.

DSC_7930

Ein heil palle med gamle vindu er rett og slett grytta nedom vegen. Foto: Jon Olav Ørsal

Sven Olav Svinvik er grunneigar i Svinvika, og er oppteken av at det skal sjå ordentlig ut rundt vegane på eigedomen sin. Han er skuffa over at folk har grisa til slik på eigedomen, og vil no ta affære for å hindre dette. Både gammelvegen som går nedmed sjøen og den enda eldre vegen som går gjennom Svinvikkleiva er mykje bruka som tur- og friluftområde. Difor er det viktig at området ikkje blir forsøpla og tilgrisa på denne måten, seier han.

Han setter no sin lit til at den som har hiva dei gamle vindua her, sørgjer for å rydde opp og frakte dei dit dei høyrer heime. Det er nemleg på den nye Miljøstasjonen på Syltøran. Dit skal slikt avfall fraktast og sorterast. Surnadal kommune kan kanskje hjelpe til med litt skilting om forbod mot kasting av avfall i området rundt gammelvegen innafor Svinvika.

DSC_7931

I dette området låg det også ein del avfall/søppelsekker som i dag er rydda vekk. Foto: Jon Olav Ørsal

 

DSC_7933

Gammelvegen frå svinvika og innover til Søya er mykje bruka som frilufts- og turområde. Vi må prøve å unngå at dette området blir forsøpla! Foto: Jon Olav Ørsal

 

 

Publisert: 30. desember 2013, 21:52