Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

3. juledag – da er det mykje som skjer!

Jon Olav Ørsal Fredag 27. desember 2013

Fredag 27. desember er det mykje som skjer i Todalen I.L.’s regi. Først ut er Romjulsmarsjen, som har start i tidsrommet mellom kl 12.00 og 15.00. Det er no bart på vegane og dermed fint å ta runden rundt bygda til fots. Trimgruppa byr på gløgg, deltakarmedalje, Quiz og lotteri. Kanskje det blir deltakarrekord?   Vidare utover dagen er det to forestillingar med revyen «På kanten av…».

3. juledag er det klart for julerevy i ungdomshuset.  Foto: Jon Olav Ørsal

Første forestilling er kl 15, og blir nerast som ei premiereforestilling, der det blir ein kort kaffepause. Hovudforestillinga startar kl 20.00, og da blir det full rulle utover kvelden, med salg av italiensk tallerkenrett og salg av øl og vin. Etter forstillinga fortsett kvelden med dans utover kvelden. Har du ikkje fått kjøpt deg billett, så er det enda ikkje for seint. Billettsalget foregår på Matkroken L. Hals heilt til kl 15, og etterpå selges det billetter ved inngangen i ungdomshuset så lenge det er plass. Ta deg fri og kom på revy!

 

Publisert: 27. desember 2013, 00:28