Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Revypremiere med futt i!

Jon Olav Ørsal Fredag 27. desember 2013

For nokre minutt sia var premieren for årets julerevy «På kanten av..» ferdig.  Det var skukkelig futt i revyen, men samtidig var den lun og ikkje minst artig. Revygjengen starta med eit innslag med brørne Eirik og Jan Peter Husby, og fortsette med både innslag med eldreomsorg, nyttig og unyttig statistikk og eit artig nummer med utviklingen av kvinnekroppen. Etter pausen var det flere gode nummer. Mellom anna fikk vi fortsettinga på Nils Oves saga om Digre-slekta, og no var han komen fram til 2013 med forteljinga si.

Det er enno ikkje for sein å få med seg årets revy. Hovudforestillinga går i kveld, og det er framleis nokre billettar ledige til kveldens forestilling som stqartar kl 20.00. Resten av billettane selges ved inngangen før forestillinga startar. Ta deg fri og ta ein tur til ungdomshuset – vi borgar for god underhaldning!

 

Publisert: 27. desember 2013, 18:10