Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Romjulsmarsjen – 3. juledag tek vi runden rundt bygda!

Jon Olav Ørsal Sundag 22. desember 2013

Romjulsmarsjen er ein godt innarbeidd tradisjon i Todalen. Sjølv om det er mykje som skjer denne dagen  så setter vi av tid til ein runde rundt bygda. På det meste har mesta 150 små og store todalingar delteke på dette arrangementet i TIL trimgruppas regi. Det blir start mellom 12 og 15, og som vanleg er det registrering på Bruset og ved Sandstad, der det også er gløggservering.

Dette er eit populært tiltak som folk sett stor pris på, for det er både sosialt og god trim etter 2-3 dagar med «landligge» og mykje god mat. Det ligger an til godt og trygt føre også, slik at det skal ikkje være nokon grunn til ikkje å bli med. På runden rundt bygda vi du få julequiz å bryne deg på, med tilhørande premiering i etterkant. Du ffår også ei fin deltakarmedalje for innsatsen. Kom og bli med alle sammen, seier Anita Talgø og resten av gjengen i TILs trimgruppe! Her finn du plakaten for Romjulsmarsjen som PDF.

  • Start i tidsrommet 12.00 -15.00
  • JuleQuiz med premiering
  • Servering av gløgg og kakao
  • Utlodding (kr 10,- pr lodd)
  • Deltakarmedalje til alle
Publisert: 22. desember 2013, 10:07