Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Julehelsing frå Santa Rosa i California

Jon Olav Ørsal Tysdag 24. desember 2013

Todalingane er meir eller mindre spredd over heile verda. Ein av dei er Birgitte Kvendset som er busett i Santa Rosa i Californinia saman med familien. Ho er trufast lesar på Todalen.no, og er nok innom for å sjå nytt frå Todalen dei fleste dagane i året. I sommar var familien i Todalen, og da trefte vi dei på sykkeltur rundt bygda. Jula skal dei feire heime i Santa Rosa, med juletradisjonar både frå Todalen, Mexico og lokal tradisjon. Frå Birgitte har vi fått ei julehelsing og mange fine bilete som du kan sjå i fotogalleriet.

02

«Vi kjem til å feire jul i både Santa Rosa og Pope Valley i år. Vi har besøk av bestemor Reyna, eller Abuela, frå Mexico City. Vi held oss til norsk og meksikansk tradisjon, og feirar på julaften – med julemiddag og opning av pakkar. Det blir nok verken lutefisk eller pinnekjøtt servert her, men eit festmåltid skal det bli. I Mexico er det tradisjon å servere bacalao på julaften, og der er det berre klippfisk frå Norge som er godt nok.

Reyna var her i jula frå nokre år sidan, og ville lage bacalo til middag. Det vart litt verre å finne norsk fisk i butikkane her i Santa Rosa, så ho måtte til slutt nøye seg med den tørrfisken som var til salgs på Lola’s Market. I følge Reyna vart bacalaoen ikkje god.

På 1. juledag, blir det litt amerikansk innslag, med å finne noko smått i stockings (strømper) som heng over peisen. Sjølv om det ikkje er snø, så er det julestemning i gatene og i nabolaga – folk er ivrige på å pynte husa både ute og inne, og det er tradisjon å byrje med dette dagen etter Thanksgiving (slutten av november). Den dagen ser du mange juletre som blir transportert på biltak.

Vi ønskjer alle todalingar og andre kjente rundt omkring ei riktig God Jul og Godt Nytt år!    Helsing Madelin, Reyna, Alberto & Birgitte.»

Bilder frå julførebuingane hos familien i Santa Rosa i California.   Alle foto: Birgitte Kvendset

Publisert: 24. desember 2013, 11:05