Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene
På todalsferie frå California

På todalsferie frå California

Jon Olav Ørsal Tysdag 2. juli 2013

På en reportasjerunde rundt bygda måndag kveld trefte vi ein av våre faste lesarar i California, nemleg Birgitte Alma Kvendset. Ho har dei siste par vekene feriert heime på Myrmo i Todalen, og da vi trefte ho var ho på sykkeltur rundt bygda saman med dotra Madelin (9) og ektemannen Alberto Lann. Birgitte fortalte at familien alt tysdag setter seg på flyet attende til Califorinia og Santa Rosa der famlien bor. Todalsferien har gått så alt for fort!

Todalen.no er «fast inventar» heime hos familien Kvendset/Lann, og Birgitte sett stor pris på at ho kan følgje med på det som skjer i Todalen via nettsida vår. Det var forresten lett å høre at Birgitte hadde teke godt vare på todalsdialekta si – den var «ekt todaling» etter 22 år i USA. Det er nemleg 22 år sia Birgitte reiste «over there» for å fullføre skulegangen sin i USA, og ho har bodd i Santa Rosa sia 1991. Vi ønsker familien god tur heimover!

På Todalen.no har vi mange besøkande fra USA, og trafikken er aukande. I første halvår 2013 viser statistikken at 1320 amerikanarar frå 30 delstatar har besøkt nettsida vår.

Publisert: 2. juli 2013, 00:56