Laurdag kan du gi bud!
Nei, ikkje på damene i badekaret, men på ein splitter ny utespa til ein verdi på nærare 90.000. Det er Byggmakker og Hageland som held auksjon i og utafor butikkane på Syltøran. Auksjonarius Knut Westlund har mykje å by når han startar første budrunden laurdag 1. mars kl 12.00.