Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Laurdag kan du gi bud!

Jon Olav Ørsal Torsdag 27. februar 2014

Nei, ikkje på damene i badekaret, men på ein splitter ny utespa til ein verdi på nærare 90.000.  Det er Byggmakker og Hageland som held auksjon i og utafor butikkane på Syltøran. Auksjonarius Knut Westlund har mykje å by når han startar første budrunden laurdag 1. mars kl 12.00.

Her kan du gjera eit kupp ved å by på sofaer, småmøbler, spisegrupper, bad, verktøy, tak, gulv og mykje anna rart som Westlund har ha i sin «kolleksjon».  Hageland ryddar no plass til ein ny sommarkolleksjon, og dette må være ein effektiv måte å få ut vintervqarene på, seier butikksjef på Hageland, Ingeborg Langan til Todalen.no.

Først publisert: 27. februar 2014, 05:00 - Sist oppdatert: 26. februar 2014, 20:36