Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

John Moe vart ny leiar i Todalen historielag

Jon Olav Ørsal Sundag 23. februar 2014

Maren Ansnes hadde sagt frå seg attval etter 6 år som leiar i historielaget. John Moe var det nye leiarkandidaten til valkomiteen, og han vart einstemmig  valt. Han rykte dermed opp fra sin posisjon som nestleiar i laget. Dordi Jorunn Halle vart ny stremedlem for 2 år, og Sven Olav Svinvik fekk fornya tilliten med 2 år. Med seg i styret har dei Svein Åge Saksen og Wenche Kvendset, som ikkje var på val.

MarenA_JohnM_8864

Maren Ansnes takka av som leiar for historielaget etter 6 år, og fekk blomster med nyleiaren John Moe. Foto: Jon Olav Ørsal

Årsmelding og rekneskap fortalte om stor aktivitet i laget, der årsskriftet no er det største løftet både økonomisk og arbeidsmessig. Men det arbeides godt på fkleire frontar, mellom anna kjøres eit prosjekt med kulturminneregistrering som vil gå over fleire år. Enkeltprosjekt i denne samanhengen er gamle bogestillingar i Todalsfjella, der Kårvatnområdet, Sula og Rambjøra er sentrale. Gamle vegar er også eit aktuelt område, der vegen til Storlidalen og svinvikhamrane er aktuelle.

Kaffebordet_8838

Sjølvsagt vart det tid til kaffe m/bakels og graut – og litt debatt og diskusjon rundt borda. Foto: Jon Olav Ørsal

Kulturvandringar er også aktuelle arbeidsområde, der det er forslag om å ta for seg grend for grend i bygda. Her har alt Todalsøra og Brusetmarka vore i fokus tidlegare. Dette vil nok styret jobbe vidare med og kome med forslag på etter kvart. Den nye ledaren John Moe orienterte litt om planane vidare, og med alle oppgåver som er aktuelle vil det nok ta noko tid før ein er gjennom arbeidsbunken. Alt i april skal det arrangerast «ettermiddagskaffe» med Jon Bojer Godal som foredagshaldar.

SSaksen_JMoe_8836

«Todalsfjorden minutt for minutt» slo godt an hos møtelyden. 30 minutt med mykje god informasjon fra lokale kjentfolk. Svein Åge Saksen har produsert filmen. Foto: Jon Olav Ørsal

Svein åge Saksen har gjennom ei årrekkje filma mykje av det som har skjedd i bygda. Til årsmøtet hadde han premiere for videoen «Todalsfjhorden minutt for minutt». Her har han saman med Gudmund Kvendset, Sven Olav Svinvik og Anders Halset som lokale kjentmenn filma langs Todalsfjorden på begge sider utover mot Kvanne og fortalt om plassar og hendingar langs ruta. Videoen er lagt ut for sal i regi av historielaget.

Publisert: 23. februar 2014, 22:46