Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

3-dobbelt norsk frå Kaffekroken

Jon Olav Ørsal Laurdag 22. februar 2014

Ingen tvil om anna enn at skismørjarane i Sotsji har har knekt koden for skiføre og smørjeproblem på tampen av OL-konkurransane. 30-km fellesstart for damer gikk bokstaveleg som smurt, og dei sikra tredobbel seier, og det nerast utan konkurranse. Det var ikkje noko stort oppmøte i Kaffekroken på Halsbua, men dei som var der fulgte ivig med i det som foregikk på skjermen.

Kaffekroken2_OL_8758_L

Tredobbelt norsk i teten, men Marit Bjørgen vart sterkast i innspurten. Foto: Jon Olav Ørsal

Handelsmann Nordvik tykte det var greit at det vart 3-dobbel norsk, for det senka spenningsnivået og blodtrykket til eit ganske behageleg nivå. Den einaste spenninga som var att på siste runden, var berre kven av dei norske som var sterkast. Bjørgen, Johaug og Steira delte på å dra under heile løpet, men det var vel ikkje noko stor overrasking når Marit Bjørgen ga full gass og dro frå i siste bakken.

No er det snart berre avslutningsseremonien som står att, og bra er kanskje det.  Søndag kl 17.00 startar avslutningsseremonien for Sotsji-OL, og måndag er det atter vanleg kvardag.

Publisert: 22. februar 2014, 17:16